Zunyi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zunyi i Guizhou

Zunyi er ein kinesisk byprefektur i provinsen Guizhou i det sørlege Kina. Folketalet vart i 2004 berekna til 401 000.

Folket i Zunyi er i hovudsak hankinesarar, men 36 minoritetsgrupper er òg representerte, mellom dei tujia-, miao- og gelaofolka.

Zunyi ligg sentralt i eit turistsøkt området i det nordlege Guizhou, og er ein av dei viktigaste historiske og kulturelle sentra i provinsen.

Byen har fått mykje industri: Metallurgi, kraftverk, bygningsmaterialar og matvareindustri. Byen er òg vorte kalla eit kommunikasjonsknutepunkt.

Administrative eningar[endre | endre wikiteksten]

Zunyi omfattar to bydistrikt, åtte fylke, to autonome fylke og to byfylke:

  • Bydistriktet Honghuagang (红花岗区), 595 km², 500 000 innbyggarar, sete for lokalregjeringa
  • Bydistriktet Huichuan (汇川区), 709 km², 320 000 innbyggarar
  • Fylket Zunyi (遵义县), 4104 km², 1,15 millionar innbyggarar
  • Fylket Tongzi (桐梓县), 3190 km², 660 000 innbyggarar
  • Fylket Suiyang (绥阳县), 2566 km², 510 000 innbyggarar
  • Fylket Zheng'an (正安县), 2595 km², 590 000 innbyggarar
  • Fylket Fenggang (凤冈县), 1883 km², 420 000 innbyggarar
  • Fylket Meitan (湄潭县), 1845 km², 470 000 innbyggarar
  • Fylket Yuqing (余庆县), 1630 km², 280.000 innbyggarar
  • Fylket Xishui (习水县), 3128 km², 670 000 innbyggarar
  • Det autonome fylket Daozhen for gelao- og miaofolka (道真仡佬族苗族自治县), 2156 km², 320 000 innbyggarar
  • Det autonome fylket Wuchuan for gelao- og miaofolka (务川仡佬族苗族自治县), 2773 km², 430 000 innbyggarar
  • Byfylket Chishui (赤水市), 1.801 km², 300.000 innbyggarar
  • Byfylket Renhuai (仁怀市), 1788 km², 600 000 innbyggarar

Historie og turisme[endre | endre wikiteksten]

Det kinesiske kommunistpartiet har byen på lista over sine «raude pilegrimsmål» ettersom byen var åstad for eit viktig møte for polibyrået til Den raude arméen under revolusjonsåra, under «den lange marsjen» i januar 1935. Som møtestad nytta dei den katolske kyrkja i byen.

I 1953 omgjorde regjeringa kyrkja til eit minnesmerke til Mao Zedongs ære, og huset han hadde budd i vart òg renovert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]