Akustikk
Utsjånad
(Omdirigert frå Akustisk)
Akustikk er ein disiplin innan fysikk, knytt til lyd, der ein studerer bylgjer i gassar, væsker og fast stoff.
Ordet kjem frå gresk akoustikos som er sett saman av akouein, 'å høyra' og 'ikos', 'knytt til'.
Undergrupper av akustikk
[endre | endre wikiteksten]Akustikk er eit svært omfattande felt og det finst mange undergrupper av akustikk.
- Bygningsakustikk handlar om lydutbreiing i bygningar: konserthallar, audiorium, bustadshus, osb.
- Elektroakustikk handlar om bruk av elektronikk og signalhandsaming for å skapa eller modifisera lyd, eller for å modifisera akustikken i eit rom. Ved hjelp av elektroakustikk kan ein til dømes auka etterklangstida i ein konserthall.
- Musikkakustikk handlar om dei akustiske eigenskapane til musikkinstrument.
- Psykoakustikk handlar om korleis levande organismar oppfattar lyd. Storparten av forskninga innan dette feltet har vore retta mot den menneskelege hørselsansen.
- Støy og støydemping er viktige undergrupper av akustikk. Støydemping kan vera både passiv og aktiv.
- Ultralyd er studiet av høgfrekvent lyd (over det hørbare området)
- Bioakustikk Studiet av lydsignal frå dyr (kval, delfin, flaggermus, fugl, osb.
- Hydroakustikk handlar om utbreiing av lydbølgjer i vatn og er viktig for til dømes utvikling av sonar, ekkolodd og underasskommunikasjon
- Vibrasjon handlar om lydforplantning gjennom og lydstråling frå mekaniske strukturar som til dømes byggingar, skipsskrog, bilkarosseri, fly, satellittar osb.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Andrew M. Colman, red. (2009), «acoustic adj.», A Dictionary of Psychology, Oxford University Press