Brukardiskusjon:Fredrasa

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brukardiskusjon:Fleinn)

Velkommen![endre wikiteksten]

Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, Fredrasa! Her kjem noen lenker, der du kan...

For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutere saker som har med Wikipedia å gjøra. Dersom du lurer på noko er det bare å spørje!

Du er jo i full gang alt, det ser bra ut! --KRISTAGAα-ω 22. mai 2009 kl. 20:58 (CEST)[svar]

Takk for det! :) --Fredrik 22. mai 2009 kl. 21:30 (CEST)[svar]

Kings of Leon[endre wikiteksten]

Kings of Leon vart vel artikkel nr 49 000 på nynorsk wikipedia, så vidt eg kan sjå. Vi veks oss store, mellom anna takka vere bidraga dine. Flott! --Knut 27. mai 2009 kl. 12:29 (CEST)[svar]

Ved nærare ettertanke gav eg deg kanskje æra som skulle vore martin til del. Ja, ja. --~~

Illustrasjonar[endre wikiteksten]

Alle filer som skal lastast opp her må vere frie, det vil seie at dei må ha ein CC-BY-SA eller annan fri lisens. Engelsk Wikipedia er slakkare på dette enn nn.wikipedia og Commons er, og dei tillet filer opplasta under noko kalla en:Fair use. Fair use har bakgrunn i amerikansk lovvgjeving, og me har ikkje noko tilsvarande i Noreg. Difor er mange filer på en.wikipedia ikkje råd å bruke her på nn.wikipedia. Grunngjevinga for bruken av Fil:Wii Sports Resort omslag.jpeg er gjerne god nok på en.wikipedia, men held ikkje her, og fila må difor slettast. Ei rettesnor kan ofte vere å sjå i artiklar på andre store wikiar (de.wikipedia har ganske like retningslinjer som Commons og nn.wikipedia når det gjeld filer), om biletet er fritt nok til bruk her er det ofte alt brukt der, og då ligg det oftast alt på Commons og du kan finne namnet på fila via artikkelen. Viss dei ikkje har noko illustrasjon er det ofte eit teikn på at det ikkje går særleg lett å lage ein fri illustrasjon. Både skjermdumpar og reine attgjevingar av omslag frå spel fell som oftast utanfor det som kan vere ei fri fil.

Om ein finn filer på t.d. en.wikipedia med fri lisens (PD, GFDL, CC-BY-SA og liknande) som ein ynskjer å bruke på ein annan Mediawiki-wiki bør ein laste henne opp på Commons heller enn på den einskilde wikien, slik at ho kan brukast på alle prosjekta. Eit nyttig verkty til flytting frå ei Wikipedia-utgåve til Commons er Commonshelper. --Jorunn 16. august 2009 kl. 13:58 (CEST)[svar]

Som Jorunn seier, i hovudsak er det nesten berre skjermskot frå fri programvare vi kan bruke bilete frå, ellers er Spel frå Ubisoft eit sjeldan unntak. Anders 16. august 2009 kl. 14:31 (CEST)[svar]
Takk så mykje for grundige forklaringar om dette, hadde lurt på korfor berre en:wiki hadde illustrasjonar for åndsverk som spel, musikkalbum og filmar. Får halda meg til utvalet på Commons frå no av. --Fredrik 17. august 2009 kl. 02:43 (CEST)[svar]

Omdirigeringar[endre wikiteksten]

Nyttig med ein ganske så systematisk gjennomgang! --Ranveig 15. desember 2009 kl. 12:32 (CET)[svar]

Jau, systematikk gjer det litt lettare å få betre oversyn! Veit du om det er mogleg å syna ei liste over omdirigeringar retta mot ein særskilt artikkel, slik at det vert lettare å fylla tomrom av omdirigeringar? Og korleis får eg merka endringar av sekjonar i artiklar med tekstar som dette: ("→«Namn på seksjon»: namn på endring")? Hadde vore kjekt å kunna! :) --Fredrik 15. desember 2009 kl. 15:36 (CET)[svar]
Alle artiklar har ein peikar i sideboksen "verktøy" der det står "Lenkjer hit". Trykk på den, og du får opp ei side med mange eller få lenkjer til ei side. Du kan også finna denne sida for einkvar artikkel frå ei spesialside.
Den stilige overskriftmarkøren kjem faktisk av seg sjølv -- trykk "Endre" ved sida av ei overskrift, så blir overskrifta og nokre teikn (/* og */) automatisk lagt inn i samandragsboksen. Men du må skriva inn endringa sjølv! --Ranveig 15. desember 2009 kl. 19:08 (CET)[svar]

Det ser ut til at endringane du gjorde i denne malen gjer noko heilt anna enn malen først var meint som. Hugs å sjekke dette når du gjer vesentlege endringar i malane. Det var berre artikkelen aksiom som nytta denne malen denne gongen, så det er kjapt å rette opp i. Kanskje Mbox kan nyttast til den gamle (unngå linjeskift i matteformlar) og la Mboks stå slik han er no. --Frokor 13. februar 2010 kl. 17:30 (CET)[svar]

Eg stør ideen din med Mbox og Mboks, og skal rette opp i det. --Fredrik 13. februar 2010 kl. 17:38 (CET)[svar]

Har du noko metode for å raskt oppdatere alle folketala? Eg trur det er ein bot som gjer dette på bokmålsutgåva. Korleis har du tenkt å gjere dette? Med det gamle systemet tok det meg fem minutt å oppdatere folketalet til kommunane i heile landet ved hjelp av kjapp copy/paste. --Frokor 22. februar 2010 kl. 09:27 (CET)[svar]

Nei, det har eg dessverre ikkje. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det går tregare å manuelt oppdatere enkeltmalar for kommunetal enn om det var ei liste der alt kunne ha vore samla. Kanskje det kunne vere mogleg å samle alle innbyggjartala i ein enkelt mal, og framleis ivareta funksjonane som den nye folketalsmalen gjev? Å lage ein bot for denne oppgåva har ikkje eg verktya til. --Fredrik 24. februar 2010 kl. 19:45 (CET)[svar]

SVG-versjon av våpen[endre wikiteksten]

Hei. Eg ser du har laga SVG-versjonar av fleire kommunevåpen til commons:. Kunne du tenkje deg å gjere det same med våpenet til garnisonen i Sør-Varanger? Det hadde vore veldig fint. --EIRIK\diskusjon 23. april 2010 kl. 17:49 (CEST)[svar]

No har eg laga ein SVG-versjon av våpenet:
--Fredrik 23. april 2010 kl. 20:32 (CEST)[svar]


Kjempebra – det var jammen raskt levert! --EIRIK\diskusjon 23. april 2010 kl. 21:33 (CEST)[svar]

Administrator?[endre wikiteksten]

Det ser ut som du kunne ha bruk for sletteknappen. Vil du eg skal foreslå deg som administrator?--Andreasv 5. mai 2010 kl. 08:35 (CEST)[svar]

Det vil eg gjerne! Det hadde vore veldig greitt å ha tilgang på sletteknappen sidan eg har tenkt til å organisere og rydde opp i ordførarkategoriar o.l. i tida som kjem. --Fredrik 5. mai 2010 kl. 11:30 (CEST)[svar]

Då er du lagt til som administrator! --Frokor 5. mai 2010 kl. 22:13 (CEST)[svar]
Takk så mykje! Ser fram til å bidra vidare med nye verkty. :) --Fredrik 6. mai 2010 kl. 05:27 (CEST)[svar]

Sletting...[endre wikiteksten]

Kan du sjå innom her? -- Olve Utne 13. juni 2010 kl. 00:32 (CEST)[svar]

Kvifor flytta du «Gjøvik kommune» tilbake til «Gjøvik»? --EIRIK\diskusjon 20. juni 2010 kl. 01:11 (CEST)[svar]

Eg tenkte at sidan artikkelen omhandlar/vil omhandle Gjøvik både som by og kommune kunne det vere greitt å bruke det kortaste artikkelnamnet tilgjengeleg; berre Gjøvik som er namnet på byen. Eg har òg gjort dette for byar som Bergen, Stavanger og Lillehammer. Den svenske wikipediaen gjer det same for norske kommunar ser det ut til, og sløyfar endinga kommun for større bykommunar som heiter det same som byen. --Fredrik 20. juni 2010 kl. 09:15 (CEST)[svar]
Når vi vert store og sterke, bør vi ha ein artikkel om Gjøvik, Asker og Oslo, ein annan om Gjøvik kommune, Asker kommune og Oslo kommune. Akkurat som vi har ein artikkel om Mosjøen, ein annan om Vefsn kommune. --Knut 20. juni 2010 kl. 10:03 (CEST)[svar]
Ja, men Fleinn, det var jo slik vi hadde det før, dvs. før vi vart einige om separate artiklar. No har vi vorte einige om at alle kommunar skal liggje på «<kommunenamn> kommune». Fint om du kan flytte tilbake. --EIRIK\diskusjon 21. juni 2010 kl. 20:48 (CEST)[svar]
Eit klikk på bidragslista di viser at du har gjort ein imponerande innsats med kommunane. Den siste geispen var velfortent :-) --Knut 22. juni 2010 kl. 08:46 (CEST)[svar]

fix your bot nb.wiki --> no.wiki[endre wikiteksten]

Hi, Please fix your bot. See your edits. As I know should be no.wiki rather than nb.wiki --Dnikitin 21. juni 2010 kl. 22:31 (CEST)[svar]

nb is correct. --Bep 3. august 2010 kl. 20:26 (CEST)[svar]

Med eigne ord[endre wikiteksten]

Hei. Hugs at det er viktig å fri seg frå originalteksten når ein brukar ei kjelde til ein artikkel. Lag dine eigne setningar og omformuler. Eg veit det kan vere vanskeleg med korte artiklar som Vegard Sletten, men i slike tilfelle kan det vere fint/lettare å kombinere fleire kjelder til noko nytt og betre, såframt det finst fleire enkelt tilgjengelege kjelder, då. Elles er det kjekt at du vil vere med på dugnaden om nynorskfolk! :-) --EIRIK\diskusjon 2. juli 2010 kl. 12:56 (CEST)[svar]

Takk for meldinga, skal ha dette i bakhovudet vidare i dugnaden. :-) --Fredrik 2. juli 2010 kl. 12:59 (CEST)[svar]
Det er skilnad på eit studium og ein studie … --EIRIK\diskusjon 2. juli 2010 kl. 15:38 (CEST)[svar]

Takk for retting av den heller tvilsomme nynorsken min. mvh --Reinhardheydt 29. september 2010 kl. 16:14 (CEST)[svar]

Flott gjennomgang...[endre wikiteksten]

av Lady Gaga! No kan artikkelen verkeleg pryda framsida vår. --Ranveig 10. oktober 2010 kl. 22:33 (CEST)[svar]

Mange takk! Denne bør vi kunne vere godt nøgde med no. --Fredrik 10. oktober 2010 kl. 22:49 (CEST)[svar]

Fylkesvegar[endre wikiteksten]

Eg ville berre gje deg litt ros for ein imponerande innsats med fylkesvegane. --Knut 3. juni 2011 kl. 11:32 (CEST)[svar]

Takk for det, triveleg med litt respons innimellom. --Fredrik 3. juni 2011 kl. 11:52 (CEST)[svar]

Må seia meg samd med Knut her, du gir verkeleg jarnet! --212.251.211.14 14. juni 2011 kl. 01:41 (CEST)[svar]

Du er vel så godt kjent langs vegane no at du ikkje har bruk for GPS i bilen. I alle fall ikkje i Noreg. --Sigmundg 15. juni 2011 kl. 00:19 (CEST)[svar]

Fjerning av kategoriar[endre wikiteksten]

Eg likar ikkje i det heile dei kategoriane du fjernar no. Me har eit fast kategorisystem som desse inngår i. --Frokor (diskusjon) 16. august 2012 kl. 12:17 (CEST)[svar]

Tenkte eg skulle fjerne dei siste restane av "etter kontinent"-kategoriar, men syntest at fleire av desse verka unødvendige. Ser at mange andre wikiar samlar ulike emne berre etter land/nasjonalitet, og eg meiner at det er tilstrekkeleg for kategoriar som gjeld personar/ yrke. --Fredrik (diskusjon) 16. august 2012 kl. 12:24 (CEST)[svar]
Dei siste kategoriane eg vurderer å samle berre «etter nasjonalitet» er forresten kategoriane Kunstnarar- , Politikarar- , Komponistar- , Presidentar- og Biletkunstnarar etter kontinent. --Fredrik (diskusjon) 16. august 2012 kl. 12:30 (CEST)[svar]
Ja ok, den er grei. Vart litt nervøs for om dette var ein del av ein større plan :) --Frokor (diskusjon) 16. august 2012 kl. 12:32 (CEST)[svar]

Einkvar > einkvan?[endre wikiteksten]

Takk for mange rettingar. Nett no gjorde du likevel ein del eg stussa på. Det kling ikkje rett å erstatta "einkvar" med "einkvan". "Einkvar" les eg som ei nynorsklaging frå bokmål enhver, som er definert som "hver især, alle" eller "hvem som helst", medan einkvan er definert i ordboka som "ein eller annan, nokon". I mange av artiklane eg har sett på, vil "kvar" vera eit betre alternativ, eller "kvar einaste" om ein vil vektleggja dette. Kva trur du? --Ranveig (diskusjon) 3. juni 2013 kl. 13:18 (CEST)[svar]

Må seie meg einig med deg, Ranveig. Eg handla i god tru om at einkvan/eikor/eitkvart var synonym med enhver/("eihver")/ethvert på bokmål, og støtta meg på nokre setningar eg fann gjennom google. Einkvar er ikkje rett nynorsk, men når einkvan blir enno meir feil skal eg sjølvsagt korrigere endringane eg nettopp gjorde.--Fredrik (diskusjon) 3. juni 2013 kl. 13:27 (CEST)[svar]
Ikkje så rart, kanskje, for underleg nok stammar "einkvan" frå norrønt "einhverr", medan "enhver" har eit heilt anna opphav. Men om det blir betre språk i artiklane du gjekk gjennom har me ikkje tapt på det. --Ranveig (diskusjon) 3. juni 2013 kl. 13:45 (CEST)[svar]

Takk for språkvask[endre wikiteksten]

Ser du har retta litt i dei siste bidraga mine, tusen takk for det. Eg nyttar nynorsk altfor sjeldan og er ikkje heilt stø. Det er òg fort å la noko stå at når eg omset artiklar frå bokmål. Eg lærte òg noko nytt no, at omtrent er "om lag" og ikke "omlag"[1] - den feilen har eg nok gjort mange gonger :P Finn Rindahl (diskusjon) 21. juni 2013 kl. 19:18 (CEST)[svar]

Hei! På nettsiden til Olavsrosa er det litt forvirrende ettersom de også har omtale av diverse kulturminner, museer osv. som ikke er tildelt Olavsrosa. Denne listen skal vise de som er tildelt den: http://www.olavsrosa.no/olavsrosa.aspx Det er også søkemulighet på nettsiden og hvis man søker på Telemark kommer det mange steder opp og på de som har fått Olavsrosa står merket til venstre for omtalen. Det ser for meg ut som om Fyresdal Bygdemuseum ikke har fått Olavsrosa. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 2. september 2013 kl. 13:52 (CEST)[svar]

Ja, ved nærare ettersyn ser det slik ut. Eg er einig i at det kunne vere litt forvirrande. :-) Har no teke Fyresdal Bygdemuseum ut av kategorien. --Fredrik (diskusjon) 2. september 2013 kl. 17:09 (CEST)[svar]

Det er definitivt galt å si de Foix renner ut i Middelhavet ved Vilanova i la Geltrú. The delta is little bit west of the village of Cubelles. La desembocadura del riu Foix es localitza al municipi de Cubelles, i queda delimitada entre la platja i la via del ferrocaril de Barcelona a Tarragona. For further details plz read here before revert... si us plau http://www.faunadecubelles.com/ --Adsp (diskusjon) 24. oktober 2013 kl. 14:05 (CEST)[svar]

Wikipedia Academy 2013[endre wikiteksten]

Hei ! Jeg håper å se deg på årets Wikipedia Academy som arrangeres lørdag 14. desember på Arkitekturmuseet i Oslo. Styret har forespurt mange enkeltpersoner om programønsker, og forespurt hele nettsamfunnet gjennom innlegg på ting og torg. Vi har utfra dette lagt opp til et variert program med mange tema som forhåpentlig treffer wikipedianere. Vi skal se nærmere på, og diskutere, Wikidata, Visual Editor, botproduksjon, bruk av frie kartdata, kultursamarbeidet, wikipedianere som er utplassert i institusjoner, og vi skal få en presentasjon av den mye omtalte artikkelen om The decline of Wikipedia. Blant mange spennende foredragsholdere har vi hentet flere fra interne Wikipedia-rekker, men også eksterne foredragsholdere som vil rette sine blikk på Wikipedia utenfra. Det blir premiering av Årets wikipedianer og av vinnerne i Wiki Loves Monuments 2013. Etter akademiet går vi rett videre til årets Julebord, på Gamle Rådhus. Se det varierte programmet her. Lørdag 14. desember kan du treffe dine kolleger på Norges største kunnskapsdugnad! Vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 16. november 2013 kl. 02:30 (CET)[svar]

Slakk OL-innsats[endre wikiteksten]

Måtte innom bokmålswiki for å finne ut det eg lurte på, og så fann eg ut at eg like gjerne skulle omsetje teksten eg hadde leita fram. Godt du var vaken og fekk retta opp det verste. --Knut (diskusjon) 13. februar 2014 kl. 17:00 (CET)[svar]

Ang: Din status som administrator[endre wikiteksten]

Hei! Der er nylig blitt innført en policy med hensyn til endring/ tilbakekalling av utvidede rettigheter for brukere (administrator, byråkrat o.a.). Denne ble innført ved konsensus i nettsamfunnet. I tråd med denne policyen går man nå gjennom administratoraktivitetene for wikier der policy vedrørende inaktivitet ikke er innført.

Du fyller kriteriene for ikke-aktivitet (ingen registrerte logg-handlinger og ingen redigeringer siste 2 år) på nnwiki, hvor du er administrator. Siden nnwiki ikke har egen prosess for gjennomgang av administratorrettigheter, gjøres den globale policyen gjeldende.

Hvis du ønsker å beholde rettighetene, vennligst ta kontakt med det aktuelle wikisamfunnet ditt og fortell at du har fått denne meldingen, men ønsker å fortsette. Når dette er gjennomgått og drøftet av det aktuelle forumet, kan du kontakte stewardene på m:Stewards' noticeboard, med lenke til forumet der ditt wikisamfunn uttrykker ønske om å opprettholde rettighetene.

Vi, stewardene, vil vurdere svarene. Hvis der ikke foreligger noe svar etter ca. en måned, vil vi fjerne administratorrettighetene. I tvilstilfeller vil vi la spørsmålet gå tilbake til lokalsamfunnet for gjennomgang og kommentarer. Hvis du har spørsmål, vennligst ta kontakt via m:Stewards' noticeboard.

Med vennlig hilsen, Rschen7754 10. august 2018 kl. 07:29 (CEST)[svar]