Hopp til innhald

Ásmundar saga kappabana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Soga om Åsmund krigarbane - Ásmundar saga kappabana er ein islandsk fornaldersaga om krigaren Åsmund frå første halvdel av 1300-talet. Ein finn soga i manuskriptet Holm 7, 4to i Kungliga Biblioteket i Stockholm. Det er i hovudsak ein nordisk versjon av den tyske Hildebrandslied (Songen om Hildebrand), men det har òg henta stoff frå Tyrvingsyklusen.

Sagaen fortel at hunarkongen Hildebrand hadde ein son som heitte Helge. Han var gift med Hild, dotter av den svenske kongen Buðli. Helge og Hild hadde ein son som vart fostra opp hos bestefar sin og fekk namnet Hildebrand etter han.

Hildebrand vart ein stor krigar og høvding for hunarane. Faren hans Helge fall i kamp og morfaren hans, den svenske kongen Budli, vart drepen av ein dansk konge som heitte Alf. Denne Alf tok òg Hildebrand si mor, Hild, til fange og gav ho til Aki, som ho fekk sonen Åsmund med.

Då Hildebrand fekk vita om døden til far sin drog han til Danmark og drap Aki. Men Aki hadde ei dotter som Åsmund bela til. Prinsessa lova å gifta seg med Asmund om han hemna faren og drap Hildebrand.

For å drepa Hildebrand, drog Åsmund til Sachsen der Hildebrand og berserkane hans herja. Gjennom ein serie holmgangar som tok fleire dagar, overvann Åsmund alle krigarane til Hildebrand.

Då Hildebrand fekk høyra om dette, kom berserksinnet over han og i fullt raseri drap han sin eigen son. Så drog han opp Rhinen for å møta Åsmund og når dei møttest byrja dei å slåst. Dei kjempa hardt i lang tid til Hildebrand vart alvorleg såra og sverdet hans brakk. Då fortalde Hildebrand at dei var halvbrør og bad han om å gravleggja han i kleda hans.

I verket Gesta Danorum 7: IX.2-X.1, fortel Saxo Grammaticus ei hovudsak identisk saga, men alle namna er endra og Hildebrand vert kalla Hildiger.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]