Gesta Danorum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gesta Danorum (Angers-fragmenten), frå førstesida.

Gesta Danorum eller Danenes bedrifter er eit verk av den danske mellomalderskrivaren og historikaren Saxo Grammaticus (Saxo den lærde) som tek for seg dansk historie. Verket er difor òg kjent som Saxos Danmarkshistorie, Saxos Danmarkskrønike, Danmarks Riges Krønike eller Saxos Krønike. Verket blei skrive på klosteret i Sorø i Danmark. Gesta Danorum er det mest ambisiøse litterære verket i dansk mellomalder om dansk historie. Det er den viktigaste kjelda til Danmark si eldste historie, og bidrog til å definera identiteten til nasjonen. Det er òg eit av dei eldste kjende skriftlege dokumenta som omtalar historia til Estland og Latvia.[1][2]

Verket består av seksten handskrivne bøker på latin, framstilt på oppmoding frå Absalon, erkebiskop i Lund. Gesta Danorum skildrar dansk historie, og til ei viss grad òg skandinavisk historie, frå ei legendarisk forhistorie som byrjar med sogekongen Dan og går fram til 1185. Ho sluttar med at Danmark overvinn vendarane, eit slavisk folk i sør. I tillegg gjev Gesta Danorum enkelte refleksjonar kring europeiske affærar i mellomalderen frå eit unikt skandinavisk perspektiv, som kjem som eit tillegg til det som er overlevert frå samtidshistorikarar i Vest- og Sør-Europa.

Skildring av verket[endre | endre wikiteksten]

Omslaget til Christiern Pedersen si utgåve, Paris 1514

Verket skildrar i 16 bøker på latin tida som strekkjer seg frå sogekongen Dan til Knut VI, og blir avslutta med at vendarane blir overvunne i 1185. Verket er skrive i eit sprudlande og underhaldande språk, stort sett i prosa, men med innslag av poesi.

Saxo si soge om danane er sett saman frå kjelder av tvilsam historisk verdi. Han har lytta til munnlege forteljingar frå islendarar, lånt frå gamle verk, tekstar inngravert på stein, og utsegner frå vernaren sin, erkebiskop Absalon, om den delen av historia som erkebiskopen sjølv hadde vore ein del av. Verket til Saxo var ikkje eit reint historieverk eller ei enkel nedteikning av gamle forteljingar, men var heller «et produkt av Saxos eget sinn og tid».[3] Han kombinerer historie og mytologi om den forhistoriske tida til Danmark og omarbeidde det til si eiga, personlege forteljing om fortida til danane.[4][5]

Dei 16 bøkene kan delast i to delar. Dei første 9 bøkene handlar om sogetida og fortel om rundt 60 sogekongar. Desse bøkene byggjer truleg på skriftlege kjelder. Blant anna må Saxo ha hatt tilgang til ei latinsk utgåve av Skjöldunga saga og ei utgåve av Den angelsaksiske krønika. I slutten av bok 8 må han ha støtta seg på skriftlege kjelder som Adam av Bremen, Roskilde-krønika og dessutan Sven Aggesen sin Danmarkshistorie. Bok 9 sluttar med Gorm den gamle og representerer såleis den første faktiske dokumenterte kongen av Danmark. Bok 10 til 13 handlar om tida frå Harald Blåtann og opp til midten av 1100-talet. Den lange bok 14 og den korte bok 15 skildrar borgarkrigstida og styret til Valdemar den store.

Dei fire første bøkene strekkjer seg frå grunnlegginga av det danske folket ved kong Dan og tek for seg dansk historie frå tida før Jesus Kristus. Faktisk var det andre samtidige kjelder som hevda at Skjold var den første kongen av Danmark, fremja av blant anna Sven Aggesen, ikkje kong Dan som Saxo medvite favoriserte.[6] Dei neste fire handlar om historia til danane etter Kristus. Bøkene 9 til 12 om det kristne Danmark, og 13-16 fremjar Lund (som den gongen var ein del av Danmark, ikkje Sverige) og handlingane tidleg før og under Saxo si eiga levetid.[7] Ein går ut frå at dei siste åtte bøkane blei skrivne først, då Saxo støtta seg tungt på Absolons utsegn om tidsalderen til Knut den heilage og Valdemar den store då erkebiskop Absalon døydde i 1202 før verket var fullført.

Dei fire første bøkene deler ein viss likskap med tekstene til den samtidige islenderen Snorre Sturlason. Dei inneheld begge mytiske element slik som kjempene i tidlegare tider og den norrøne gudeverda.[8] Saxo framhevar på alle område verdien av nordisk kultur og dei folkelege oppfatningane som han forsvarar ved retorisk å spørja kven som skal ha bygd «jættestuer» (ganggraver) og dyssekammer som ein fann i det danske landskapet om det ikkje var nettopp dei kjempene som den folkloristiske overleveringa fortalde om.[9] Saxo fortel at kong Dan, den første kongen i Danmark, hadde ein bror kalla Angul som gav sitt namn til folket anglarane (som igjen gav namn til England).[10] Han fortel òg om ulike danske heltar der mange av dei har samhandling med dei gamle norrøne gudane. Saxo sine «heidenske» gudar er ikkje alltid gode figurar. Dei var tidvis forræderske slik som i forteljinga om Harald Hildetann, den legendariske kongen til danane, som lærte krigføring av Odin, men deretter blei forrådt og drepen av guden som då kunne føra han til Valhall.[11]

Føremålet med verket[endre | endre wikiteksten]

Saxo fortel i forordet til Gesta Danorum om føremålet sitt med det:

« Cum ceterae nationes rerum suarum titulis gloriari voluptatemque ex majorum recordatione percipere soleant, Danorum maximus pontifex Absalon patriam nostram, cuius illustrandae maxima semper cupiditate flagrabat, eo claritatis et monumenti genere fraudari non passus ...[6] »

Erkebiskop Absalon kunne ikkje lenger akseptera at det ikkje fanst ei skriftleg dansk historie og la difor oppgåva på skrivaren sin Saxo, «hans mest uverdige tenar». Samanlikna med andre nasjonar stod dei danske storverka dårleg fram så lenge nasjonen ikkje hadde eit litterært monument.[6]

Årsaka til at kyrkja ville betala for å skaffa eit verk som Gesta Danorum var at ein ville understreka sjølvstendet til Danmark, og dermed understøtta sjølvstendet til den danske kyrkje til spesielt Det heilage romerske riket av den tyske nasjonen og dei mange motpavane. Det var ein klar reaksjon mot tilhøva under den danske borgarkrigen, som den tysk-romerske keisaren hadde gripe inn i ved skiftvis å støtta den eine av ulike kongsemne. Dette førte til Danmark blei delt i to og i 1157 i heile tre deler.

Under borgarkrigen blei den danske kyrkja ei lydkyrkje under den tyske keisaren som var i opposisjon til paven i Roma. Verket kan oppfattast som eit mottrekk mot Adam av Bremen, som forfekta interessene til det hamburgske erkebispesetet (framfor erkebispedømet i Lund), sjølv om Adam av Bremen viste seg å vera svært danskvenleg i teksten sin, og uttrykte ein hard dom over den avdøde arbeidsgjevaren sin erkebiskop Adalbert av Hamburg-Bremen. I ein kulturell samanheng var det viktig å visa at danskane var eit gammalt kulturfolk som til trass for den seine overgangen sin frå heidenskap til kristendom var ein naturleg og viktig del av den vesteuropeiske katolske kulturkrinsen.[12]

Verket har òg eit pedagogisk og oppdragande føremål: ideala i fortida blir sette i kontrast til blautleiken i samtida. Saxo argumenterer for nytta av tvikamp framfor eidar som bevis, ettersom eidar kan vera falske, medan tvikamp aldri kan skada den udøyelege sjela, men berre den jordiske lekamen.[13]

Tydinga til verket[endre | endre wikiteksten]

Saxo, kunstnarisk framstilling av den norske illustratøren Louis Moe.

Nokre delar av Gesta Danorum danna grunnlaget for William Shakespeare sitt skodespel Hamlet. Truleg las Shakespeare aldri sjølv verket, men hadde i staden tilgang til ei gjenfortald eller munnleg utgåve av forteljinga Amletus (dansk Amlet, Amleth eller Amled) som skildra undergangen til prinsen av Danmark.[14][15] Namnet Hamlet er eit anagram av Amleth. Saxo sin versjon, fortald i bok 3 og 4, er svært lik den i Shakespeare sitt skodespel. I Saxo-versjonen blir to brør, Orvendil og Fengi, gjevne styringa over Jylland av danskekongen Rorik. Kort tid etter giftar Orvendil seg med kong Rorik si dotter Geruth (Gertrude i Hamlet). Amleth er deira einaste barn. Fengi blir harm over ekteskapet til broren, og ynskjer òg eineherredøme over Jylland. Derfor drep han Orvendil. Etter ei kort tid med sorg giftar Fengi seg med Geruth, og erklærer seg som eineherskar over Jylland. Til slutt hemnar Amleth mordet på far sin og planlegg å drepa onkelen sin for å bli den nye og rettmessige konge over Jylland. Saxo fullførte denne forteljinga med forordet som hans skrev heilt til sist, ein gong rundt 1216, då vernaren hans var Anders Sunesen som erstatta Absalon som erkebiskop i Lund.[16] I forordet retta Saxo ein varm takk til begge erkebiskopane og den regjerande kongen Valdemar Siger.[17]

Den historiske verdien av den eldste delen av verket står og fell med verdien av dei kjeldene som Saxo baserte si forteljing på. Han gjer historiske personar frå desse kjeldene identiske, sjølv om tidsforskjellen åleine utelukke at dei kan ha hatt noko med kvarandre å gjera. Forklaringa er truleg at Saxo følte at han måtte levera ei samanhengande skildring av Danmarks historie frå dei eldste tidene. Det meste opplagte dømet her er at dronning Thyra sin far visstnok skulle vera kong (H)athelradus eller Ethelred av England, som ein veit var samstundes med Thyra sitt barnebarn og oldebarn. Så sant Saxo ikkje meiner Ethelred av Wessex, kan namnet ha oppstått ved ei kanskje medviten feillesing av (Cl)acharaldus, som svara til Klakharald i Skjoldungesoga. Det kan ikkje vera tvil om at Frode Fredegod (eigentleg namnet på ei rekkje danske sogekongar som gav fred) i Saxo si litterære framstilling er basert på og utforma etter mønster av Augustus. Dei er begge universelle herskarar som skapar fred og samtidige med den beboda Kristus. Frode sitt rike er ein parallell til det til Augustus, den første herska over Austersjøen og Nordsjøen medan Augustus var herskar over landa rundt Middelhavet.[6]

Det er store skilnader mellom Saxo sitt verk og dei islandske og norske kjeldene, og dei til den samtidige danske Sven Aggesen. Skilnaden er ofte resultatet av Saxo si dikting og hans eigen agenda.[18] Framstillinga hans av forteljinga om Tyra er til dømes langt meir fantastisk enn det Sven Aggesen presenterer, og for desse omarbeidingane og diktinga har historia til Saxo ofte blitt kritisert.[19]

Gesta Danorum stila seg til den høgmellomalderske eliten som kunne lesa latin, men sjølv innanfor dette avgrensa publikummet er det usikkert kor utbreidd verket var i samtida. Derimot blei det ei viktig kjelde for seinare dansk historisk litteratur. Det blei gjenoppdaga i 1514, og den første utgåva omsett til dansk kom i 1575. Deretter fekk det stor merksemd og fleire omsetjingar.[12] N.F.S. Grundtvig gjorde si eiga originale gjendikting, og ei rekkje danske nasjonaldiktarar har late seg inspirera av dei forhistoriske mytane og segnene. Berre eit mindretal av framstillingane av den danske historia har klart å ignorera segnkongar som Uffa hin Spage, Rolf Krake og Ragnar Lodbrok som hovudsakleg er kjende frå teksten til Saxo.

Kjelder og forbilde[endre | endre wikiteksten]

Verket er forfatta på eit lærd, ordrikt og særs velskrive latin. Saxo skreiv på sølvalderlatin, ein type latin som romarane nytta rundt år 0 eller på Augustus si tid. Denne forma for latin var markant forskjellig frå det latinske skriftspråket som elles var nytta i mellomalderen. Inspirasjon frå antikken var ein generell tendens i samtida der dei antikke forfattarane fungerte som stilistiske forbilde.[12]

Som språkkjelde og forbilete har Saxo hatt dei romerske forfattarane Quintus Curtius, Valerius Maximus og dessutan Junianus Justinus og Martianus Capella, og han har kjent til Vergil, Horats og Ovid. Av mellomalderhistorikarar har han kjent til den angelsaksiske Beda som skreiv om den engelske kyrkjehistoria, Paulus Diaconus, Johannes av Salisbury og den normanniske krønikeskrivaren Dudo av Saint-Quentin som skreiv historia til Normandie, men hans Gesta Danorum minner først og fremst om Geoffrey av Monmouth si Historia Regum Britanniae (Historia til dei britiske kongane).

Spørsmålet om kva som har vore Saxo sine kjelder har vore omdiskutert. Det er att eit eksemplar av eit kompendium (samandrag) av historia til det vestromerske riket som ein veit at Saxo hadde lånt av domkyrkja, men skulle levera tilbake til Sorø kloster.

Kronologien til verket[endre | endre wikiteksten]

Sidan Gesta Danorum ikkje inneheld ein einaste dato i nokon form, heller ikkje for hendingar, er verket eigenleg ikkje ei krønike. Dette gjer det samstundes problematisk å datera både personar og hendingar i den første delen. Den einaste tidsramma som blir nemnd er fødselen til Jesus Kristus i bok 5, og i denne konteksten daterer fødselen den gode og lukkelege tida under kong Frode Fredegod.[6] Denne einaste faste datoen har etablert dateringa av dei andre personane og hendingane for dei første 9 bøkane. Ved å telja bakover gjennom generasjonane omtalte av Saxo, kjem ein grovt rekna ved byrjinga til verket til år 600 f.Kr.

Kva tid Gesta Danorum blei skrive og i kva for ei rekkjefølgje bøkene blei forfatta er eit spørsmål om historisk fortolking. Vanlegvis har ein blitt ståande på at verket ikkje var ferdig før 1208. Den siste hendinga som er skildra i den siste og 16. boka er kong Knut VI av Danmark som erobrar Vendland i Pommern under hertug Bogislaw I i 1186. Likevel nemner forordet til verket, dedikert til erkebiskop Anders Sunesen, den danske erobringa av områda nord for elva Elben i 1208.

Bok 14, som inneheld nær 1/4 av heile teksten i verket, ender med at Absalon blir utpeikt som erkebiskop i 1178. Denne store boka og det faktumet at Absalon har ein meir dominerande del av boka enn kong Valdemar den store gjer det sannsynleg at denne boka blei skriven fyrst og opphavleg var eit sjølvstendig verk. Saxo ville deretter seinare auka henne med bok 15 og 16 der han fortalde om Valdemars siste år og dei fyrste åra til kong Knut VI av Danmark.

Truleg skreiv Saxo deretter bok 11, 12 og 13. Sven Aggesen sin danmarkshistorie, Brevis Historia Regum Dacie frå ca. 1186, slår fast at Saxo hadde vedteke å skriva om «Kongefaren og sønene hans», altså Svein Estridsson. Dette dekker bøkene 11, 12 og 13. Han ville deretter skriva dei 10 første bøkene. Dette forklarer òg dei 22 åra mellom den siste hendinga skildra i den siste boka og hendinga frå 1208 i forordet.

Manuskriptet[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege manuskriptet er tapt, bortsett frå fire fragment som er kjende som Angers-fragmentet, Lassen-fragmentet, Kall-Rasmussen-fragmentet og Plesner-fragmentet.[20][21][22][23] Det fyrste er det største fragmentet og det einaste som beviseleg er Saxo sitt eige handskrift. Dei andre er kopiar frå ca. 1275. Dei er no alle ved Det Kongelege Bibliotek i København.

Heile teksten er likevel bevart på anna vis. I 1510–1512 søkte Christiern Pedersen, ein dansk omsetjar som arbeidde i Paris, over heile Danmark etter ein eksisterande kopi av verket til Saxo, som på den tida var nær ved å ha gått tapt.[24][25]

På denne tida var det ein visste om innhaldet basert på eit samandrag i Chronica Jutensis frå 1342, kalla Compendium Saxonis. Det er òg dette samandraget som har gjeve namn til Saxo sin tekst; Gesta DanorumBedriftane til danane. Kva Saxo eventuelt sjølv kalla verket sitt er ikkje kjend.[26]

Christiern Pedersen fann til slutt ein kopi hos erkebiskop Birger Gunnersen i Lund som han fekk låna. Med hjelp av Josse Bades fekk dei avskrive og trykt verket. Den første trykte utgåva og den eldste kjende utgåva av verket til Saxo er difor Christiern Pedersen si latinske utgåve, trykt og utgjeven av Jodocus Badius Ascensius i Paris den «15. mars» 1512. Kolofonsida seier: ... impressit in inclyta Parrhisorum academia Iodocus Badius Ascensius Idibus Martiis. MDXIIII. Supputatione Romana. Ides av mars.[27]

Det er frå den trykte utgåva av 1514 at tilnamnet Grammaticus, det vil seia «den språkkyndige», «stilisten» eller berre «skrivaren», kjem. Birger Gunnersen sin kopi er dermed gått tapt og den trykte utgåva er den primære kjelda.

Utgåva blei fordanska av Anders Sørensen Vedel i 1575. I tillegg til Grundtvig sin versjon, trykt opp i 1963 og 1985, har også Det Danske Språk- og Litteraturselskab gjeve ut utgåver (1931–1957, latin) og Peter Zeeberg gav ut ei ny omsetjing i 2000. I 1985 blei veket gjeve att på moderne dansk av Mogens Boisen.

Verket er omsett til tysk, fransk, spansk, italiensk og japansk. Under er ei liste på omsetjingar til dansk og engelsk.

Omsetjingar til dansk[endre | endre wikiteksten]

  • Christiern Pedersen, aldri utgitt, ca. 1540, tapt
  • Jon Tursons, aldri utgitt, ca. 1555, tapt
  • Anders Sørensen Vedel, utgitt 1575, tittel: Den Danske Krønicke
  • Sejer Schousbölle, utgitt 1752, tittel: Saxonis Grammatici Historia Danica
  • Nikolai Frederik Severin Grundtvig, utgitt 1818-1822, tittel: Danmarks Krønike af Saxo Grammaticus
  • Frederik Winkel Horn, utgitt 1898, tittel: Saxo Grammaticus: Danmarks Krønike
  • Jørgen Olrik, utgitt 1908-1912, tittel: Sakses Danesaga
  • Peter Zeeberg, utgitt 2000, tittel: Saxos Danmarkshistorie ISBN 87-12-03496-7 (komplett) ISBN 87-12-03534-3 (vol 1) ISBN 87-12-03535-1 (vol 2)
  • Fr. Winkel Horn med illustrasjoner av Louis Moe, utgitt 2007, tittel: Saxo Grammaticus: Danmarks krønike ISBN 9788711228791

Utgåve på latin[endre | endre wikiteksten]

  • Saxo Grammaticus, Gesta Danorum, frå Det Kongelige Bibliotek i København, latinsk utgåve.

Omsetjingar til engelsk[endre | endre wikiteksten]

  • Oliver Elton, utgjeve 1894, tittel: The First Nine Books of the Danish History of Saxo Grammaticus
  • Peter Fisher, published 1979-1980, tittel: Saxo Grammaticus: The History of the Danes
  • Eric Christiansen, utgitt 1980-1981, tittel: Saxo Grammaticus: Danorum regum heroumque historia, books X-XVI
  • William F. Hansen, utgitt 1983, tittel: Saxo Grammaticus and the life of Hamlet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Crusaders on the Baltic Shore – The Livonian & Estonian Crusades (c. 1198 – 1290)», The Postgrad Chronicles
  2. Muceniecks, Andre (2017): Saxo Grammaticus: Hierocratical Conceptions and Danish Hegemony in the Thirteenth Century, SD LLC, s. xii
  3. Friis-Jensen (2006), s. 198
  4. Friis-Jensen (2006), s. 198
  5. Westergaard (1952), s. 168
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Mortensen, Lars Boje (1987): «Saxo Grammaticus' View of the Origin of the Danes and his Historiographical Models» (PDF) i: Cahiers De L'institut Du Moyen-age Grec Et Latin, 55, s. 169-183
  7. Christiansen (1981), s. 383
  8. Dumézil (1973), s. 78-79
  9. Warring, Ellen: «Tilsyn med fredede fortidsminder» Arkivert 2020-09-25 ved Wayback Machine. (PDF), Odense Bys Museer
  10. Jones (1968), s. 44
  11. Jones (1968), s. 53
  12. 12,0 12,1 12,2 Andersen, Kasper Holdgaard (2011): «Saxo Grammaticus og Gesta Danorum», Danmarkshistorien.dk
  13. Brandt, Troels (2004): Danernes Sagnhistorie. Saxos sagn i sagaernes kronologi Arkivert 2017-09-13 ved Wayback Machine. (PDF), København: Gedevasens Forlag, ISBN 87-990289-0-5, s. 77, 86, 103, 113, 122, 133 etc på «tvekamp»
  14. Muir (1984), s. 370
  15. Skovmand, Michael (1. februar 1992): «Verdens bedst kendte dansker – Hamlet er så levende som aldrig før», kronikk i Århus Stiftstidende
  16. Davidson (1980), s. 12
  17. Fisher (1979 ), bind 1, s. 1
  18. Muceniecks (2017), s. 175
  19. Sawyer (1982), s. 14-16
  20. Digital faksimile af NKS 869 g 4° på Det Kongelige Bibliotek, Angers-fragmentet av Gesta Danorum, med introduksjon og innholdsfortegnelse
  21. Digital faksimile af NKS 570 2° på Det Kongelige Bibliotek, de yngre fragmenter til Gesta Danorum, med introduksjon og innholdsfortegnelse
  22. Digital faksimile af NKS 570 2° på Det Kongelige Bibliotek, de yngre fragmenter til Gesta Danorum, med introduksjon og innholdsfortegnelse
  23. Digital faksimile af NKS 570 2° på Det Kongelige Bibliotek, de yngre fragmenter til Gesta Danorum, med introduksjon og innholdsfortegnelse
  24. Hvidt, Agnete Holm (18. april 2001): «Christiern Pedersen - den første Saxoudgiver....», Kristeligt Dagblad
  25. Jensen, Janus Møller (2007): «Denmark and the Crusades, 1400-1650», BRILL, s. 213
  26. Knudsen, Anders Leegaard: «Compendium Saxonis & Chronica Jutensis», Universitetet i Bergen
  27. Friis-Jensen, Karsten (1981): Saxo Grammaticus: A Medieval Author Between Norse and Latin Culture, Museum Tusculanum Press, s. 11

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Christiansen, Eric (April 1981): «Review work: Saxo Grammaticus, The History of the Danes, Vol. I by Peter Fisher; Hilda Ellis Davidson» i: The English Historical Review, 96.379, s. 382-385.
  • Dumézil, Georges (1973): From Myth to Fiction: The Saga of Hadingus. Oversatt av Derek Coltman. Chicago: University of Chicago Press.
  • Jones, Gwyn (1968): A History of the Vikings. London: Oxford University Press.
  • Davidson, Hilda Ellis (1980): Introduction to Saxo Grammaticus The History of the Danes, Book I-IX. Volume II: Commentary. Redigert av Hilda Ellis Davidson. Cambridge: D. S. Brewer.
  • Fisher, Peter, overs.; Saxo Grammaticus (1979): The History of the Danes, Book I-IX. Volume I: Text. Redigert av Hilda Ellis Davidson. Cambridge: D. S. Brewer.
  • Fisher, Peter, overs.; Saxo Grammaticus (1980): The History of the Danes, Book I-IX. Volume II: Commentary. Redigert av Hilda Ellis Davidson. Cambridge: D. S. Brewer.
  • Friis-Jensen, Karsten (2006): «In the Presence of the Dead. Saint Canute the Duke in Saxo Grammaticus's Gesta Danorum» i: Mortensen, Lars Boje, red.: The Making of Christian Myths in the Periphery of Latin Christendom (c. 1000-1300), København: Museum Tusculanum Press, s. 195-216
  • Muir, Kenneth (Høsten 1984): «Review work: Saxo Grammaticus and the Life of Hamlet: A Translation, History and Commentary. By William F. Hansen» i: Shakespeare Quarterly 35 (3), s. 370-372
  • Muceniecks, Andre (2017): Saxo Grammaticus: Hierocratical Conceptions and Danish Hegemony in the Thirteenth Century. Kalamazoo & Bradford: ARC Humanities Press.
  • Sawyer, P.H. (1982): Kings and Vikings: Scandinavia and Europe AD 700-1100. New York: Methuen & Co.
  • Stangerup, Helle (2004): Saxo Hans værk – Hans verden, Høst & Søn forlag, ISBN 87-14-29949-6.
  • Westergaard, Waldemar (June 1952): «Danish History and Danish Historians» i: The Journal of Modern History 24 (2), s. 167-180

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]