Ástor Piazzolla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ástor Piazzolla

Statsborgarskap Argentina
Fødd 11. mars 1921
Mar del Plata
Død

4. juli 1992 (71 år)
Buenos Aires

Yrke komponist, bandoneonist, dirigent, filmmusikkomponist
Språk spansk
Nettstad https://fundacionastorpiazzolla.org.ar
Ástor Piazzolla på Commons

Ástor Piazzolla (11. mars 19214. juli 1992) var ein argentinsk komponist og bandoneonist. Gjennom livet sitt komponerte han i fyrste rekkje tangomelodiar, men også operaer, filmmusikk og teatermusikk.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ástor Piazzolla vart fødd inn i ein italienskætta familie i Mar del Plata i Argentina. I ung alder flytte han med familien til byen New York, der han fekk mange musikalske impulsar og lærte å spela bandoneon (ein argentinsk variant av trekkspel). I 1937 vendte han attende til heimlandet, der han opptredde mykje med bandoneon saman med andre tangomusikarar på nattklubbar i Buenos Aires. Han møtte også pianisten Arthur Rubinstein, som oppfordra den unge Piazzolla til å studera under komponisten Alberto Ginastera. Dette rådet fylgde han. I 1950-åra tok Piazzolla for alvor til med komposisjon; i 1950 komponerte han filmmusikken til tangofilmen Bólidos de acero.

I 1953 oppfordra Ginastera Piazzolla til å delta i ei komposisjonstevling, og Piazzolla sendte inn symfonien Buenos Aires (1953). Han vann eit stipend for å reisa til Paris og studera komposisjon under Nadia Boulanger. Han reiste dit i 1954. Boulanger hjelpte han til å finna sin eigen særeigne stil, og ikkje freista å bli som komponistane han hadde studert. Han tok opp element frå både jazz og klassisk musikk og skapte det han kalla tango nuevo.

Året etter starta Piazzolla opp ein tango-oktett i Buenos Aires, som heldt det gåande i mange år. Frå 1976 - 1983, under militærdiktaturet i Argentina, budde Piazzolla i Italia, men kom på vitjing til heimlandet mange gonger. Han døydde i Buenos Aires i 1992.

Piazzolla var gift to gonger. Fyrste gongen var med artisten Déde Wolff, som han fekk to born med. På 1970-talet gifte han seg med Laura Escalada, og dei heldt saman fram til Piazzolla døydde. Også norske musikarar har spelt musikken til Piazzolla, m.a. Per Arne Glorvigen, Atle Sponberg, Sverre Indris Joner og Kåre Jostein Simonsen.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1943: Suite para cuerdas y arpas
  • 1946: El desbande
  • 1952: Rapsodía porteña
  • 1953: Buenos Aires
  • 1954: Sinfonietta
  • 1959: Adiós Nonino
  • 1963: Tres tangos sinfonicos
  • 1965: La Serie del Ángel
  • 1969: Balada Para Un Loco
  • 1969: María de Buenos Aires
  • 1970: El pueblo joven
  • 1972: Oblivion
  • 1973: Libertango
  • 1975: Suite Troileana
  • 1976: 500 motivaciones
  • 1979: Concierto para bandoneón
  • 1982: Le grand tango
  • 1986: El exilio de Gardel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]