Kåre Jostein Simonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Jostein Simonsen

Foto: Kåre Simonsen
Fødd26. mars 1948
FødestadLønset i Oppdal,  Noreg
OpphavNoreg
Periode20/21. hundreåret
Aktiv1962–
SjangerKlassisk
Instrumenttrekkspel
Verka somMusikar

Kåre Jostein Simonsen (fødd 26. mars 1948) er ein norsk bandoneonist. Han har vore fast medlem av Tango Concertino og Trio Troika i Trondheim og spelar no i ensembla Quinteto Nidaros (piazzollakvintett - bandoneon, fiolin, elgitar, piano og kontrabass) og Cholo tangoduett/trio.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Simonsen er, frå starten sjølvlært musikar frå byrjinga av 60-talet med trekkspel som hovudinstrument. I 1962 danna han, saman med to andre amatørmusikarar, danseorkesteret Simonsens Trio (trekkspel, gitar og slagverk). Trioen vart oppløyst i 1964.

I 1969 starta han musikkutdanninga si ved Veitvet Musikkonservatorium i Oslo med accordeon som hovudinstrument. Etter to år ved denne institusjonen fortsette han studia fram mot utøvande musikar/musikkpedagog ved Trøndelag Musikkonservatorium i Trondheim fram til våren 1974. I 1996 drog han til Paris for å studera bandoneon med Juan José Mosalini. Dette studiet tok to år. Seinare har han gjentakne gonger vore i Buenos Aires og fått vidare opplæring av Néstor Marconi[1]. I 2013 tok han utøvande mastergradbandoneon ved NTNU Musikkonservatoriet i Trondheim. Dei siste åra har Simonsen fleire gonger reist til Rosario i Argentina for å henta inspirasjon og å gå djupare inn i den latinamerikanske tangokulturen. Tilknytinga til Rosario har heile tida vore bandoneonisten Rodolfo (Cholo) Montironi som og har vore hans rettleiar og kontakt i det miljøet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hovudkarrieren sin som musikklærar har han hatt i Trondheim kommunale kulturskole. Her har han etablert det einaste tilbodet som finst i Norden på instrumentet bandoneon. Eit resultat av dette er oppbygginga av accordeongruppa Bajan, som han starta i 1979 og tangoorkesteret Tangueros del norte etablert av Simonsen i 2003, med elevar frå Trondheim kommunale musikk- og kulturskule. Bajan deltok i ei rekkje konkurransar og vann fleire fyrsteprisar i kammermusikk og underhaldningsmusikk. For Tangueros del norte var Simonsen musikalsk leiar fram til 2008. Etter 2008 har ensemblet stått på eigne bein som ensemble. "Drømmestipendet" til Norsk Tipping og Norsk Kulturskuleråd er gjeven til Simonsens elevar fem gonger bl.a. til Tangueros del norte.

Simonsen var i periodar engasjert som musikar ved Trøndelag Teater og har medverka i både radio- og Fjernsynsprogram. Han har hatt framføringar med Oslo-filharmonien i Oslo, Trondheim symfoniorkester, Trondheimsolistene og Nidarosdomens kor i Trondheim, Tromsø symfoniorkester i Tromsø, Bodø Sinfonietta, Patriarkkoret av St. Basil i Bodø, Kristiansund Symfoniorkester i Kristiansund og fleire mindre ensemble. I 1994 turnerte han med Arja Saijonmaa i Finland, Sverige og Noreg, i 2010 med den svenske songarinna Lena Jinnegren[2] med tangokonseptet Glød. Komponistane Terje Bjørklund (Trondheim), Bertil Palmar Johansen (Trondheim) og Harald Sæther (Oppdal) har skrive musikk på bestilling for Simonsen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • LIVE in Olavshallen - Tango Concertino, Trondheim 1994
  • LIVE in Olavshallen - Tango Concertino med Marthe Werring, Trondheim 1995 (Norske Gram 1996)
  • Ansikter med Inger Lise Rypdal (Kirkelig Kulturverksted) utgitt 8 oktober 2007 - medvirkende musiker
  • Inspiratione med Tangueros del norte (DENSTAD REC PLAY FORWARD) 2008 - ensembleleiar og produsent

Konsertering[endre | endre wikiteksten]

  • Tango Concertino med meir enn 60 konserter (1992 - 1996).
  • Turne med den finske songarinna Arja Saijomaa (Tango Concertino), 1994.
  • Toccata rea (solist), Lo que vendra (soloist), Konsert for gitar og bandoneon med strykeorkester på konsert med Nord- Trøndelag strykeorkester, 2007
  • Konsert med oktett (strykekvartett, skodespelar, bandoneon, gitar og kontrabass) 2007
  • Kleine Dreigroschenmusik Kurt Weill, 2009
  • Konsert med Quinteto Nidaros og jentekor, 2010
  • Turne med den svenske songarinna Lena Jinnegren med tangokonseptet Glød, 2010.
  • Masterkonsert for Bendik Lund Haanshus med Quinteto Nidaros, 2010
  • Bustekaillfestival, 2010

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Néstor Marconi». Arkivert frå originalen 16. juni 2011. Henta 13. april 2011. 
  2. «Official homepage». Arkivert frå originalen 2. februar 2011. Henta 13. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]