Torgrim Eggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torgrim Eggen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. oktober 1958 (65 år)
Oslo
Yrke skribent, journalist, musikar

Torgrim Eggen (fødd 29. oktober 1958) er ein norsk forfattar, journalist og tidlegare musikar fødd i Oslo.

Han var bassist i new wave-gruppa The Cut frå 1980 til 1984. Han har vore journalist i musikkavisene Nye Takter og Beat og i Dagbladet, redaktør i gratisavisa Natt&Dag og Beat.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 – Nisser & Dverge – eit satirisk kulturleksikon skrive i lag med Herman Willis og Hans-Olav Thyvold.
  • 1992 – Gjeld – roman.
  • 1995 – Hilal – roman.
  • 1996 – Internett for tvilere
  • 1997 – Den nye Dylan – roman.
  • 1999 – Larmen og vreden : guiden til de 100 nødvendige rockplatene, skriven saman med Sindre Kartvedt, illustrert av Steffen Kverneland.
  • 2000 – Pynt – roman.
  • 2002 – Duften av Havana – ei kulturhistorie om sigar og sigarrøyking, illustrert av Rolf M. Aagaard.
  • 2003 – Trynefaktoren – roman.
  • 2004 – Farlig godt : fortellinger om verdens beste råvarer, skriven saman med Jan Omdahl, illustrert av Knut Bry.
  • 2006 – Hermanas – roman.
  • 2019 - Axel. Fra smokken til Ovnen. Storyen om Axel Jensen.[1]

Priser og utmerkelser[endre | endre wikiteksten]

  • 2019: Brageprisen for Axel; fra smokken til Ovnen; storyen om Axel Jensen[2]

Plater med The Cut[endre | endre wikiteksten]

Lista er ikkje uttømande.

Singel[endre | endre wikiteksten]

  • In dieser Stadt

12-tommars EP[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 – Shadow TalksSensible sound (NR. SENSLP1)
  • 1982 – Silent MoviesSonet (SLP1474)

Spor på samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 – «Waiting» og «Coudnt Care Less» på Big Voice From New Noise – New Noise Records
  • 1981 – Blodige Strenger utgjeven av musikkavisa PULS.
  • 2008 – «In dieser stadt» på lydsporet til filmatiseringa av Mannen som elsket Yngve.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.nrk.no/kultur/bokhosten-2019-1.14645783 . NRK. 2019-08-11
  2. [1] Brageprisen 2019

Kjelder[endre | endre wikiteksten]