Årringsdatering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forskjellen i tjukna på årringane er grunnlaget for årringsdatering.
Spesialbor til å ta ut årringsprøvar med.

Årringsdatering, treringsdatering eller dendrokronologi er ein måte å finna det nøyaktige året eit tre brukt til tømmer blei hogd.

Metoden legg til grunn den ulike tjukna på årringane i tre. Variasjonane i tjukkleiken på ringane heng i hovudsak saman med kor gode eller dårlege veksttilhøva har vore på grunn av vêret i dei aktuelle åra. Årringen vert tjukk i år med vêr som har gjeve gode vekstvilkår, og tynn i år med dårlege tilhøve. Til saman lagar vekslinga mellom tjukkleiken på ringane i treet eit mønster, og det same mønsteret er meir eller mindre tydeleg å sjå i alle dei trea som har vekse i same tidsrommet innanfor den same klimaområdet. På den måten vert det overlappande årringsmønstre i tre som ikkje har vekse heilt samtidig, men til tider som overlappar kvarandre. Ved å nytte mønsteret i trevyrke frå gamle bygningar, tre funne i myrar osb., kan ein soleis sette saman ein mønsterkjede av årringar som strekkjer seg langt attende i tida. Tjukkleiken på kvar årring i ei mengd trevirke vert målt, og ein kjeder saman desse talrekkene i ei såkalla grunnrekke eller grunnkurve som går langt attende i tida. Deretter kan eit trestykke som ein ikkje kjenner alderen på verte tidfesta ved å finne den staden i grunnrekka som mønsteret i trestykket passar inn. Ved hjelp av datamaskinar kan dette gjerast snøgt.

Slike grunnrekker vert òg nytta til å kalibrera radiokarbondateringar for å rekne ut kor gamal ei trekolprøve er i kalenderår. Av di mengda C-14-isotop i lufta ikkje har vore konstant over tid, er den alderen som kjem fram ved radiokarbondateringa (den radiologiske dateringa) rekna i «C-14-år» som ikkje er like lange i heile perioden. Difor må talet på «C-14-år» reknast om til kalenderår ved hjelp av kalibreringskurver basert på mellom anna årringsdateringar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ved hjelp av årringsdatering kan ein datera gamle bygningar og andre ting laga av tre. Ein samanliknar ein prøve frå til dømes tømmeret i ei kyrkje med grunnrekka (grunnkurva) frå området. Om prøven har ein barkkant, slik at ein er viss på at òg dei ytre (siste) årringane er med, er det mogleg å finna det nøyaktige fellingsåret for treet han er henta frå. Ein veit likevel ikkje kva år treet blei brukt som bygningsmateriale, og får derfor berre ei bakre datering for kva tid bygningen kan ha blitt reist. Metoden fortel heller ikkje om materiale er blitt brukt om igjen i ein nyare bygning.

Ei feilkjelde kan vere at tjukkleiken på årringane i treet ikkje er eit resultat av vêret, men av at treet har vore råka av åtak frå insekt. Eiketre som har vore under åtak av oldenborrer er soleis vanskeleg å tidfeste. Desse insekta, som berre går til åtak på eiketre, svermar i periodar, somme kvart tredje år, andre kvart fjerde år eller kvart femte år, med den resultatet at tynne årringar med like store mellomrom ikkje har med vêret i dei aktuelle åra å gjere.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Metoden blei utvikla av den amerikanske astronomen A.E. Douglass ved byrjinga av 1900-talet, sjølv om prinsippet var kjent lenge før. På 1930-talet blei metoden innført til Europa. På 1960-talet tok ein i bruk datamaskinar og statistisk analyse for å bygga opp dei kronologiane som i dag er brukte innanfor arkeologien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]