Tømmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pile billes2.jpg

Tømmer er grove stammar av tre som skal handsamast vidare i eit sagbruk eller i ein papirfabrikk.

Tømmer kan vere

  • skurtømmer som vert saga (skore) til plankar. Kvalitet avgjer pris etter ulike grader. Viktige kriteria er kva grad stammen er bogen, kor grovt treverket er og om det finst kvist i treverket.
  • sliptømmer som vert male (slipt) opp til tremasse, til bruk i papirproduksjon.

I Norden utgjer gran og furu dei største tømmervoluma. Tømmer frå lauvtre som til dømes bjørk, utgjer berre eit lite volum, men har stor interesse i nisjemarknadar som innreiing og møbelproduksjon.