Arbeidstid
Arbeidstid vert i § 10-1 arbeidsmiljølova definert som: «den tid arbeidstakar står til disposisjon for arbeidsgjevar». Vanlegvis vert til dømes ikkje lunsjpause rekna med og ein skal då kunne gå frå arbeidsplassen. Overeinskomstar kan innehalde eigne reglar for definisjon av arbeidstid og dermed betaling for denne.
Lova set forbod mot nattarbeid og arbeid på søndagar og heilagdagar. Ein alminneleg arbeidsdag må i følgje arbeidsmiljølova ikkje overstige 9 timar i løpet av eit døgn og 40 timar i veka. Arbeid om natta, søndag, heilagdagar og arbeid utover 9 timar i døgnet kan derimot drivast om arbeidet er av nødvendig art. Det må då skrivast ein skriftleg avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, og ein må søkje løyve hos Arbeidstilsynet.
Arbeidsmiljølova krev òg at arbeidstakar skal ha minst 11 timar samenhengande fri i løpet av eit døgn, samt 35 timar samanhengande fri i løpet av sju dagar.
Mange arbeidsavtalar opererer med ein åttetimarsdag og ei 37,5 timars veke. Enkelte bedrifter har òg eksperimentert med sekstimarsdag med full lønskompensasjon for å betre produktiviteten og halde sjukefråværet nede.