Æbelø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Æbelø | |
|---|---|
| Geografi
|
|
| Stad | Kattegat |
| Koordinatar | |
| Areal | 2,09 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Danmark |
| Kommune | Bogense |
| Demografi | |
| Folketal | ikkje lenger folkesett |
Æbelø er ei dansk øy i Kattegat, like nord for Fyn. Sjølve øya er på 2,09 km². Sør for Æbelø ligg småøyane Brådet, Dræet og Æbeløholm.
Folkesetnad [endre]
I 1787 budde det 17 personar på øya. Dette talet auka til ca. 50 personar i 1940. Fråflyttinga byrja i 1960-åra, og no er det ingen fastbuande på Æbelø.
Natur [endre]
Æbelø var tidlegare kjend for å ha mykje av billearten eikehjort. I 1924 vart naturen på Æbelø freda i eit forsøk på å verne eikehjortane. 23 store, gamle eiketre ved Æbeløgård vart freda, og det vart nedlagt forbod mot å fange eller drepe eikehjort. Tiltaka hjelpte ikkje, og i 1954 vart den siste eikehjorten i Danmarks observert.
Fuglelivet på Æbelø er rikt, mellom anna finn ein hekkande hornugle og pirol.