Fyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyn
Eit fynsk hus
Eit fynsk hus
Geografi
Stad Mellom Jylland og Sjælland
Koordinatar 55°21′N 10°21′E

Areal 2 984 km²

Høgaste punkt 131 (Frøbjerg Bavnehøj moh.)

Administrasjon
Land Danmark
Region Region Syddanmark
Største busetnad Odense (146 240 innb.)

Demografi
Folketal 447 060 (2006)
Folketettleik 150 /km²

Fyn (fleire andre språk Funen) er den tredje største øya i Danmark etter Sjælland og Vendsyssel-Thy. Fyn ligg sentralt plassert i landet og har eit folketal på om lag 447 000 innbyggjarar (2006). Den største byen er Odense, som er forbunde med sjøen via ein kanal, sjølv om denne sjeldan er i bruk. Skipsverftet Odense stålskipsverk ligg utanfor sjølve byen.

Fyn høyrer til det administrative området Region Syddanmark. Frå 1970 til 2006 var Fyn ein del av Fyn fylke, som òg inkluderte øyane Langeland, Ærø, Tåsinge og fleire mindre øyar.

Fyn er forbunde med Sjælland via Storebæltbrua, som kan ta både bilar og tog. Storebæltbrua er eigentleg to bruer, ei låg bru som knyter Fyn til den mindre øya Sprogø midt i Storebælt, og ei lang hengebru resten av vegen til Sjælland. Hengebrua var den neste største i verda i sitt slag då den opna. Frå Fyn til Sprogø brukar toga ei bru som går parallelt til den låge brua, og er konstruert på liknande måte. Ein togtunnel knyter Sprogø i lag med Sjælland.

To bruer knyter Fyn til det danske fastlandet, Jylland. Den første vart konstruert på 1930-talet, like før den andre verdskrigen for både bilar og tog. Den andre, ei hengebru, vart konstruert på 1970-talet og tar berre bilar.

Bortsett frå Odense, ligg dei andre større byane langs kysten. Desse er Kerteminde (NØ), Nyborg (Ø), Svendborg (S), Fåborg (SV), Assens (V), Middelfart (NV) og Bogense (N).

Fyn er kjend for å vere fødestaden til Hans Christian Andersen og komponisten Carl Nielsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]