Øksfjorden i Lødingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 68°23′46″N 15°21′52″E Øksfjorden er ein fjord i Lødingen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 24 km nordaustover til Vestpolldalen.

Fjorden har innløp mellom Kalvhovudet på vest og Kolsvikholmen på aust like nord for Selsøyvær. Kvannkjosen er ei bukt og ei grend som ligg på vestsida av fjorden, like innanfor innløpet. Litt lenger nord ligg grenda Svartskardet på vestsida, like ved vika Vikpollen. Ingen av desse grendene har vegsamband til resten av kommunen. Lenger inn i fjorden ligg den veglause grenda Husjorda på austsida. Frå her og inn til Vestpollen som ligg inst i fjorden vert fjorden kalla Innerfjorden.