Fjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austkysten av Grønland har mange fjordar. Nedst i bildet ser me Scoresbysund, verdas lengste.

Ein fjord er som regel ei langstrakt hav- eller innsjørenne med land på båe langsidene og med ein lukka ende (fjordbotnen) og ein open ende. Nemninga fjord kan òg vere bruka om ei seglingslei som er omgjeven av holmar, øyar eller fastland på begge sider. Ein lang innsjø med enkel, langstrakt form kan òg ha nemninga fjord.

I vitskapleg terminologi er nemninga fjord bruka om ei havbukt som er danna ved at ein bre har forma og fordjupa ein tidlegare dal[1] .

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet fjord het på norrønt i fjǫrðr, i dativ firði [2] og i genitiv fjarðar. Ordet er danna av germansk *ferþu-, og har samanhang med verbet 'fare' og substantivet 'ferje'. Den indogermanske rota *per- tyder 'å setje over til den andre bredda'. Ordet fjord er i slekt med engelsk ford og tysk Furt ('vadestad')[3]. I den vitskaplege tydinga er ordet lånt inn i tysk som Fjord og engelsk som fiord. I tydinga seglingslei brukast i tysk ordet Förde og i engelsk firth, også dette ordet skal vere henta frå nordisk språk.

Ordet fjord har gitt opphav til stadnamnet Førde. Endinga -fjorden finst i ei rad stadnamn, ved somme høve utfrå dativforma forvanska til '-fær, -før eller, etter -s-, -vær, -vør (jf. Tysvær), ved andre høve forvanska til -fôr eller -jord[4].

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Fjordane er oftast U-dalar laga av isbrear, som nå står under vatn. Fjorden er gjerne grunnare der han opnar seg mot havet av fleire grunnar, fordi isbreane sine morenemassar ligg att der, fordi isen var tjukkare lengre inn i landet eroderte han fjorden raskare lengre inne og/eller så stod isen i lengre tid inne i fjordane (og grov da fjorden meir ut). Denne fjordterskelen gjer at fjordar er rolegare enn det opne havet, og dermed ofte naturlege hamner. Ulempa med fjordterskelen er den hindrar utskifting av vatn, noko som gjer at til dømes forureining ofte vert verande i fjorden i lang tid.

Delar av fjordar[endre | endre wikiteksten]

Fjordar eller fjordsystem kan innehalde sidefjordar, sundstrekningar der sidelanda er avbrotne av tverrfjordar eller sund mellom øyar, vikar, bukter og nes.

Fjordar utan hav[endre | endre wikiteksten]

Ein smal innsjødel som munnar ut i ein større innsjø har òg gjerne nemninga fjord — som Furnesfjorden som er ei grein av innsjøen Mjøsa. Sjølve Mjøsa vert og vanleg kalla fjorden.

Ein del lange, fjordliknande innsjøar, særleg på Austlandet, vert òg kalla fjordar. Tyrifjorden og Randsfjorden er døme på dette. Nemninga kan henga saman med at dei vart brukte til ferdsel på same måte som fjordar i havet. Ordet fjord har samanheng med verbet «å fara» og substantivet «ferd» og heng òg etymologisk saman med engelsk «ford» (t.d. Oxford) og tysk «Furt» (t.d. Frankfurt am Main).

Dei fleste fjordane i verda finst langs kysten av Noreg, Skottland, Island, Grønland og det austlege Canada kring Nordatlanteren; langs kysten av British Columbia (Canada) og Alaska (USA) langs det nordaustlege Stillehavet; langs kysten av Chile ved det søraustlege Stillehavet og langs det sørvestlege New Zealand.

Vidkjende fjordar[endre | endre wikiteksten]

Langs Nordatlanteren[endre | endre wikiteksten]

Fjordar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Hjørundfjorden (Foto:Eli Anne Tvergrov
Sognefjorden. (Foto: Roger Wesson)
Sjå òg Fjordar i Noreg

Skottland[endre | endre wikiteksten]

Island[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Eyjafjörður på Island.

Grønland[endre | endre wikiteksten]

Austkysten av Canada[endre | endre wikiteksten]

Langs det nordlege Stillehavet[endre | endre wikiteksten]

British Columbia (Canada)[endre | endre wikiteksten]

Alaska (USA)[endre | endre wikiteksten]

Langs det sørlege Stillehavet[endre | endre wikiteksten]

Doubtful Sound er ein fjord på New Zealand. (Foto: Stephen Codrington)

Chile[endre | endre wikiteksten]

New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kunnskapsforlaget Store norske leksikon 1979 ISBN 82-573-0038-1
  2. Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erik Simensen Norrøn ordbok, Det Norske Samlaget 1990 ISBN 82-521-3493-9
  3. Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
  4. Oluf Rygh Norske Gaardnavne (innl.), Kristiania 1898

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjord