Østlandets Musikkonservatorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Østlandets Musikkonservatorium
Grunnlagd1959
Nedlagd1996

Østlandets Musikkonservatorium vart skipa i 1959 som Veitvet Musikkskole.

Entreprenøren Olav Selvaag skipa skulen på Veitvet i Oslo. I 1968 skifta skulen namn til Veitvet Musikkonservatorium og vart organisert i tre nivådelte avdelingar: musikkskule for barnehage- og grunnskulebarn, musikkfagskule for ungdom 16-19 år og ein konservatorieavdeling for musikkstudentar som ville gjere musikk til yrke.

Hausten 1973 vart Veitvet Musikkonservatorium donert frå Selvaag til Oslo kommune. Musikkfagskulen vart i 1976 overført til Manglerud vidaregåande skule og omdanna til musikklinje. Musikkskuleavdelinga vart omdanna til ein kommunal musikkskule for Oslo, først som prøveordning i 1978, fast etablert frå 1980.

Konservatoriet fekk den første musikkterapeutiske utdanninga i landet (1978). Staten overtok i 1988 og innlemma Buskerud Musikkonservatorium i 1989. Konservatoriet vart ein del av Høgskolen i Oslo, avdeling for estetiske fag (1994) og overført til Noregs Musikkhøgskule (1996).

Skulen ligg ved Carl Berners plass, som òg vart brukt av Noregs Musikkhøgskole inntil eit nybygg stod ferdig i 2007. Per Selberg var rektor frå 1968 til 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]