Høgskolen i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

59°55′15.265″N 10°44′1.9068″E

Høgskolen i Oslo
Motto Utdanning for et helt liv
Grunnlagt 1994
Type Statleg høgskole
Rektor Sissel Østberg
Stad Oslo
Studentar 12 000
Tilsette 1100
Nettstad www.hio.no
Avdeling for ingeniørutdanning

Høgskolen i Oslo (HiO), blei etablert 1. august 1994 og hadde om lag 12.000 studentar og 1100 tilsette[1]. Høgskulen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at tretten statlege høgskular i Oslo blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. Den var den største statlege høgskulen i Noreg.

Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i AkershusKjeller den 9. desember 2010. Den nye høgskolen, Høgskolen i Oslo og Akershus, blei oppretta den 1. august 2011.

Innhaldsliste

Lokalisering [endre]

Høgskolen i Oslo var samlokalisert på Bislett (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), med hovudadresse Pilestredet 46 på Bislett i Oslo.

Avdelingar og studietilbod [endre]

Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ei rekkje fagområde. Faga kunne takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og eit doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Dei sju avdelingane ved Høgskolen i Oslo var:

I tillegg kom Senter for profesjonsstudier (SPS).

Høgskulen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar.

I 2007 blei Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning og internasjonale studiar, tildelt ansvaret for opprettinga av den første permanente tolkeutdanning i Noreg, og oppretta same år studietilbodet «Tolking i offentlig sektor» der det i løpet av 2007 og 2008 blei tilbode tolkeutdanning i 30 ulike språkkombinasjonar.

Rektorar ved Høgskolen i Oslo [endre]

Sjå også [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]


Litteratur [endre]

  • Fra bryggeri til høgskole, om utbyggingen av Frydenlundområdet 1922-1999. redigert av Jon Li. Oslo, 1999. ISBN 82-579-0274-8