Øyvind Sauvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øyvind Sauvik

Øyvind Sauvik, med artistnamnet Vinni, (fødd 3. februar 1976) er den eine halvdelen av den norske hiphop-duoen Paperboys.

Han var med på å starte Paperboys saman med rapparen Jarle «J.J.» Hollerud. Dei to trefte kvarandre i 1989 i Tanzania der foreldra dreiv hjelpearbeid. Desse to samarbeidde i ulike hiphop-prosjekt både der og etterkvart heime i Oslo. På slutten av 1990-talet begynte dei å bruke namnet Paperboys og i 2001 kom den første singelen «Moving Up»/«It's Paper». I 2002 gav dei ut det første albumet sitt, No Cure For Life. Dette fekk dei Spellemannprisen 2002 for i klassa hip-hop.

Etter debutalbumet forlet Hollerud gruppa og DJ Ole Aleksander «Pope Dawg» Halstensgård blei nytt medlem. Under Alarmprisen 2004 vann dei klassa årets video for videoen til «Hey Man». For det tredje albumet When Worlds Collide vann dei Spellemannprisen 2005 i klassa Hip-Hop/R'n'B og Alarmprisen 2006 i klassa Hip hop/rap.

Øyvind Sauvik har deltatt i fleire TV-program, blant anna Det store korslagetTV2 og Zebra Grand PrixTV2 Zebra.

Han har sagt at han eigentleg blei artist for å sleppe å jobbe, men at han under innspelinga av det andre albumet, The Great Escape, måtte jobbe meir enn nokon gong.

Han har stått fram i media med eit liberalt syn på narkotika.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • No Cure For Life (Bonnier Amigo, 2002)
  • The Great Escape (Bonnier Amigo, 2003)
  • When Worlds Collide (Bonnier Amigo, 2005)
  • So Far - So Good (Bonnier Amigo, 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]