Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°56′58″N 10°45′23″E

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oslo (fleirtyding).
Oslo
Tidlegare namn Christiania, Kristiania
Oslo-montage-wiki.JPG
Byvåpenet til Oslo
Byvåpenet til Oslo

Kallenamn
«Tigerstaden, Oslogryta»
Styresmakter
Land
Fylke
Kommune
Noreg
Oslo fylke
Oslo kommune
Geografi
Flatevidd
 - By

288,77 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

000000000925242.0000000000925 242
  000000000003140.00000000003 140/km²
Plassering
Norway Oslo location map.svg
Oslo rådhus sett frå sørvest.
Foto: Alexander Ottesen
Karl Johans gate i Oslo sett frå slottsplassen.
Sentrale delar av Oslo sett frå Ekeberg.
Foto: J. P. Fagerback
Akershus slott og festning på austsida av Pipervika sentralt i Oslo
Foto: Hans-Petter Fjeld
Ullevaal Stadion på Sogn i Oslo er nasjonalarena for norsk fotball.
Foto: Wilhelm Joys Andersen
Trikken er viktig i Oslo.
Tårnhuset i parken på St. Hanshaugen.
Den romersk-katolske St. Olav domkyrkje.
Muslimsk moske i Oslo.

Oslo uttale  (mellom 1624 og 1925 Christiania, frå 1877/1897 òg skrive Kristiania) er hovudstaden og den største byen i Noreg, og kommunesenter i Oslo kommune, som utgjer både ein kommune og eit fylke. I januar 2011 budde det 600 000 personar i sjølve byen, og 1 422 443 personar i Osloregionen. Byen blir ved ymse høve, og oftast med ein humoristisk eller nedsetjande snert, kalla «Tigerstaden» eller «Oslogryta».

Slottet, Stortinget, regjeringa, Høgsterett og dei fleste andre offentlege styringsorgan held til i Oslo.

Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endre namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Folkemengd fordelt
i bydelane, 1. januar 2005.
Kjelde:
Statistisk Sentralbyrå
Gamle Oslo 35 431
Grünerløkka 37 774
Sagene 29 654
St. Hanshaugen 27 619
Frogner 45 640
Ullern 27 179
Vestre Aker 40 587
Nordre Aker 41 060
Bjerke 24 448
Grorud 24 729
Stovner 28 445
Alna 44 151
Østensjø 42 681
Nordstrand 43 297
Søndre Nordstrand 33 501
Sentrum 438 (*)
Marka 1 614 (*)
Ikkje oppgjeve 1 498
Total 529 846
(*) utanfor bydelsinndelinga

Bydelsreforma av 1. januar 2004 reduserte talet på bydelar til 15. Bydelane er:

Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nordre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker, Østensjø

Folkesetnad og økonomi[endre | endre wikiteksten]

  • Oslo vart utpeikt til den dyraste byen i verda i 2013.[1]
  • I tillegg til dei 15 bydelane hadde Oslo sentrum 495 innbyggjarar 1. januar 2004 og eit areal på 1.8 km².
  • Marka hadde 1596 innbyggjarar 1. januar 2004 og ei flatevidd på 301.1 km².

Historiske innbyggjartal[endre | endre wikiteksten]

1801 9 500
1825 15 400
1855 31 700
1875 76 900
1900 227 700
1925 255 700
2003 517 401

Namn og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

År Namn Utstrekning
<1624 Oslo Mellom Alna og Hovinbekken
1624-1794 Christiania Frå Akershus Slott til dagens Stortorg
1794-1859 Christiania Frå Pipervika til Akerselva til Kroghstøtten til Regjeringsbygget
1859-1877 Christiania Frå munninga av Frognerkilen til Vestre Aker Kirke til Sandaker til nedsida av Botanisk hage til Galgeberg til Alna
1877-1878 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) Som over
1878-1897 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) Utvida med Bjølsen, Torshov, Kampen, Vålerenga og Gamlebyen
1897-1924 Kristiania Som over
1924-1946 Oslo Som over
1946-1948 Oslo Etterstad blir med
1948-1980 Oslo Resten av Aker blir med
1980 Oslo Tangerud blir innlemma

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

 

Universitet og høgskular[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Oslo[endre | endre wikiteksten]

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Forsvaret[endre | endre wikiteksten]

I Oslo finn ein mange mindre militæravdelingar:

Oslomarka[endre | endre wikiteksten]

Oversyn over det av Oslomarka som ligg innanfor Oslos grenser.
Oversyn over områda i Oslomarka.

Oslomarka, òg kalla Marka, er eit namn som vart teke i bruk i 1930-åra for alle dei meir eller mindre samanhangande skogstraktene ikring Oslo, ikkje berre skogsområda innanfor grensene for Oslo. I dag er denne «Oslomarka» på om lag 1700 rutekilometer til saman, avgrensa i vest mot Tyrifjorden, i nord mot traktene mot Roa – Jevnaker på Hadeland i Oppland, i aust mot Nannestad og Gjerdrum kommunar, i søraust mot innsjøen Øyeren, og i sør mot dei dyrka eller bygde områda i Asker, Bærum, Oslo og Ski kommunar.

Til Oslomarka høyrar soleis Kjekstadmarka i Asker kommune, Vestmarka i Asker kommune og vestre delen av Bærum kommune, Bærumsmarka, som òg ligg i Bærum kommune, Krokskogen, Romeriksåsene, Nordmarka, Lillomarka, Gjelleråsmarka, Østmarka og Sørmarka.

Ei eiga markalov vart vedteke av Stortinget 2. april 2009 for å verne om «Oslomarka» som frilufts- og rekreasjonsområde. Lova syter mellom anna for at ei «markagrense» vil hindre at marka vert teken til byggjeområde stykke for stykke, som den sterke etterspurnaden etter byggegrunn i Osloregionen elles kunne ha resultert i.

Av den store «Oslomarka» er det berre Nordmarka (som er namnet på skogsbeltet nordover frå byen mellom Sørkedalen og Maridalen), Lillomarka og Østmarka som ligg innanfor bygrensene for Oslo med ein større eller mindre del. Oslo kommune eig store område i desse skogane, men mesteparten er på private hender.

Nordmarka, Lillomarka og Østmarka, som er kuperte skogsområde med mange breie stigar og planerte løypetrasear, skogsvegar og andre menneskelege inngrep, skjemt av store kraftleidningsgater på sine stader, er lett tilgjengjelege for oslobuarane, og difor særs viktige for velferda deira. Helg og kvardag vert marka flittig nytta for mosjon og trening, rekreasjon og friluftsliv, men det er likevel råd å finne einsemd for dei som vil. Både T-baner, buss, tog og eigen bil og sykkel kan nyttast for å kome seg inn i skogane, men køyring med bil på dei mange køyrbare skogsvegane i marka er forbode. Desse skogvegane er godt eigna til sykling, og på den måten er det lagt til rette for mange fine sykkelturar. Vatn og vassdrag gjev høve til bading og fisking der det ikkje er restriksjonar av di vassdraget er nytta som drikkevasskjelde for byen. Det er elles lagt til rette for fotturar ved at stigar er merkte, og om vinteren vert det preparert skiløyper og tent ljosløyper. Hytter for overnatting, eller for å få seg ein kaffikopp og ein matbit, er det mange av.

Det geografiske midtpunktet for Oslo ligg i Nordmarka, i nærleiken av Svartkulp, eit lite vatn med badestrand for naturistar, rett aust for Sognsvann. I Nordmarka finn ein òg det høgste punktet i Oslo, toppen av Kjerkeberget (tett ved fylkesgrensa til Oppland), 629 meter over havet.

Øyar i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Fleire øyar med verdfull fauna, flora og geologi, og dessutan med interessant kultursoge, ligg i det området av indre Oslofjord som høyrer med til Oslo, så å seie i hamnebassenget i byen. Av verneomsyn gjeld det restriksjonar av ymse slag for dei fleste øyane. Somme av øyane har bru til fastlandet og har fast busetnad, andre er friområde med badeplassar eller område for private fritidshus, og har samband til byen (Vippetangen) med rutebåt med same takst og vilkår som det kollektive transportsystemet elles i Oslo.

Hovedøya[endre | endre wikiteksten]

Hovedøya er den største av øyane i Oslo, vidgjeten for mange blomeartar som elles er sjeldsynte her i landet. Vegetasjonen på utvalde stader er freda, og det er òg skipa naturreservat med freding av blomar, tre, planter og dyr. Øya er utan brusamband.

På øya ligg dei freda ruinane av eit kloster frå mellomalderen, skipa i 1147 av ei gruppe cisterciensarmunkar leia av abbed Philippus, som kom frå eit kloster i Kirkstead i England. Klosteret vart reist attmed ei kyrkje som stod der frå før, Sankt Edmunds kyrkje, som ein ikkje veit kven som bygde. Store jordeigedomar vart etter kvart lagt under klosteret ved at dei fekk land og gardar i gåve. Men etter reformasjonen vart det slutt på klostervesenet, og i 1532 vart klosteret plyndra av høvedsmannen på Akershus festning, Mogens Gyldenstierne, og kongen eigna til seg dei eigedomane klosteret hadde ått. Hundre år seinare vart klosterbygningane nytta som steinbrot for å skaffe byggjematerialar til Akershus festning.

På 1600-talet låg det eit stort skipsverft inst i vika på Hovedøya. Verftet bygde nokre av dei største skipa i kongeriket Danmark-Norge, mellom anna «Hannibal» med 60 kanonar, og «Sophie Amalie», det største skipet i verda i si tid. I våre dagar held fire fritidsbåteigarlag til i bukta, mellom dei den eldste i landet, Revierhavnens båtforening, skipa i 1853.

Militærvesenet disponerte Hovedøya frå tidleg på 1700-talet, då dei nytta øya som øvingsfelt for bombing, og fram til 1939, og det vart med tida forbode for folk flest å gå i land. Fleire militære bygg og anlegg har vore bygd; eit lavetthus (lager for lavettar, understell til kanonar) frå 1847-1848 ligg like attmed kaia for rutebåten. Huset vart opna for publikum i 2008 og hyser atelier, kunstutstillingar og eit lite bibliotek.

I 1808, under dei urolege tidene i samband med Napoleonskrigane, vart det bygd eit kanonbatteri med fleire kanonar på kvar av dei to høgdene i søraust og sørvest på Hovedøya for å verne byen og Akershus festning for åtak frå krigsskip som kunne kome inn fjorden. (Kanonane som står på desse plassane i dag, er kopiar av dei gamle.) Seinare var det sett opp eit kruthus ved kvar av kanonbatteria; dei står der framleis. I 1850 sette militæret òg opp eit hus med laboratorium for å lage betre ammunisjon. Dette huset vart i 1895 bygd om til sumarbustad for ein felttymeister (militær utstyrsforvaltar), og gjekk deretter under namnet «Kommandantboligen». Bygget hyser no Arjuna dokketeater, som har framsyningar heile sumaren.

Ein karantenestasjon, «Hovedøen Lazarett» vart bygd på 1800-talet på austsida av øya for at sjøfolk og båtpassasjerarar kunne bli halde i isolasjon i 40 dagar for at dei ikkje skulle føre med seg sjukdomssmitte inn i landet. Berre rester etter murar og brygga står att.

Gardekompaniet (ei militær eining) hadde frå 1914 til 1939 rekruttskole på Hovedøya om sumaren. Brakkene dei hadde på staden tok tyskarane over under okkupasjonen av Noreg i andre verdskrigen og bygde opp ein militærleir for seg her. Denne leiren vart frå juni 1945 nytta av den norske staten til å internere fleire enn 1100 norske kvinner under tvang, og utan lov og dom, av di dei hadde vore saman med tyske soldatar under krigen; dei fleste var unge jenter, og mange var mødre. Leiren vart lagt ned i 1946, men i staden vart fleire av kvinnene deporterte til Tyskland.

Som fylgje av skorten på bustader i Oslo etter andre verdskrigen vart brakkene og andre bygg på Hovedøya, mellom dei lavetthuset ved rutebåtkaia og Kommandantboligen, nytta som familiebustader. Om lag 150 familiar budde på øya i 1950-åra, og ikkje før i 1970 flytta dei siste. Militærbrakkene vart rivne i 1960-åra, men offisersbrakka etter tyskarane, som etter krigen hadde vore nytta som butikk og postkontor, vart ombygd til det som no er Klosterkroa kafé.

Eit stort kommunalt sjøbad vart bygd på Hovedøya i 1914 med skilde herre- og dameavdelingar, slik krava var i dei tidene.

Gressholmen, Heggholmen og Rambergøya[endre | endre wikiteksten]

Gressholmen sør for Hovedøya heng saman med Heggholmen og Rambergøya med smale landtunger, og inngår soleis i røynda i eit kompleks samansett av tre øyar. Øyane er utan brusamband, ått av Oslo kommune.

Den grunne bukta mellom Gressholmen og Rambergøya er eit særs viktig hekke- og beiteområde for sjøfugl, og difor stengd for motorferdsle heile året, og for all ferdsle i hekketida. På alle tre øyane er det naturreservat der blomar, tre og dyr osb. er freda.

Gressholmen var i si tid den fyrste lufthamna for rutefly i landet, Oslo flyvehavn, skipa i 1927 for sjøflyruter til Tyskland, og etter kvart òg til Stockholm, Stavanger og Tromsø. Flya landa på fjorden, fortøyde på Gressholmen, og ferdafolket vart frakta til og frå byen med båt. På Gressholmen var det hangar for flya, som vart frakta frå sjøen og opp i hangaren på ei trallebane. Men flytrafikken vart med tida overteken av Fornebu flyplass på Snarøya i Bærum kommune, som stod ferdig i 1939, der det òg var sjøflyhamn i nærleiken. Siste fly frå Gressholmen gjekk i 1952, og flyhamna med hangaren og slippen vart småbåthamn med båtopplag.

På Gressholmen hadde Christiania Skytterforening, som seinare vart til Oslo Skytterlag, sine stutte skytebaner frå 1864 og ei lang skytebane frå Gressholmen og over til Rambergøya; det vart soleis skutt tvers over den bukta som no har vorte sjøfuglreservat og over til det som no er naturresservat. Retten som skyttarlaget hadde til å nytte øya, gjekk ut i 1980, og skytebanene lagde ned. I områda der skyteskivene stod finst det framleis murrestar etter denne aktiviteten.

På austsida av Heggholmen vart det i 1894 reist ei eimdriven mølle som pressa olje ut av linfrø. I 1901 hadde dette vakse til eit lite industrisamfunn, med arbeidarbustader, bustad for formannen, ein sveitservilla for disponenten, og ein skule. Fabrikken, som vart kjøpt opp av konkurrenten Lilleborg i 1909, var i gang til 1960. Men då sysselsette linoljemølla berre ein arbeidar, og øya hadde vore utan fast busetnad sidan 1919. Fabrikken er no atelier, og husa elles er for det meste tekne vare på til private fritidsføremål. Ei jarnbaneline etter fabrikken er framleis i bruk til å frakte varer frå stranda opp til feriehusa. Alt etter dette industrisamfunnet er freda.

Gressholmen, Heggholmen, granneøyane Lindøya og Nakholmen var vinterhamn for byen på 1800-talet i dei månadene då fjordisen innanfor var for tjukk til at skutene kunne gå til kai i byen. Fjordisen låg ved desse øyane òg, men var her ikkje tjukkare enn at det let seg gjere å hogge råk fram til dei. Arbeidet vart kalla «isvekking»: store isflak vart hogne laus med ispil, ein slags spett, og dregne inn under den faste isen langs råka ved hjelp av tau med krokar. Til og frå skipa vart lasta køyrd med hest og slede over fjordisen.

Etter at staten kjøpte ein isbrytar i 1878, Bryteren, vart det halde oppe råk fram til kaiene i byen, og ikkje trong for vinterhamna ved øyane. På svaberga på Heggholmen står det framleis nokre rustne fortøyingsringar att etter tida då det var vinterhamn her.

Andre øyar i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Ormøy kyrkje.

Lindøya, Nakholmen og Bleikøya, som alle er utan brusamband, har mange private småhytter. Øyane som har køyrbart brusamband, Ormøya, Malmøya og Ulvøya, har no for det meste fast busetnad. På 1860 – 1870-talet vart det for velhavande osloborgarar bygd mange prektige villaer i sveitserstil til sumarbruk her, og fleire av dei er tekne vare på. Ormøy kyrkje frå 1892 syner òg påverknad av sveitserstilen. På desse øyane er det skipa til naturminneområde der berggrunnen er freda, og sjøfuglreservat er oppretta på skjer og holmar med viktige hekkeplassar. På den ubygde øya med namnet Skilpadda eller Padda, ei sirkulær, høg øy som det er lagt ei flytebrygge ikring og inn til lands for mellom anna å skåne grunnen, er det registrert 193 ulike artar av planter, og plantelivet er difor freda.

Dei andre øyane, holmane og skjera i Oslo, somme med fyrlykter, er Heggholmen fyr, Dyna fyr, Kavringen fyr, Malmøykalven, Lille og Store Herbern, Killingen i Lysakerfjorden aust for halvøya Bygdøy, og Sjursøya, ei idyllisk øy som vart nedsprengt og planert som naudsarbeid frå 1924 og framover, og var gjort landfast med utfylling i 1934. No er Sjursøya ei viktig hamn, full av bygg og installasjonar i samband med dette.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den rådande vinden i Oslo er sørleg om sommaren, og om vinteren nordleg til nordaustlege. Sidan byen ligg skjerma til vert vindstyrken berre moderat, og det er ofte vindstille. I høgtrykkssituasjonar i vinterhalvåret er det liten horisontal og vertikal utveksling av luft, med tendens til at luftureininga hopar seg opp i dei lågareliggande områda av byen.

Blindern er middeltemperaturen –4,3 °C for januar, 16,4 °C for juli og 5,7 °C for heile året. Den høgaste temperaturen som er målt her er 34,2 °C (august 1982), og den lågaste temperaturen –26,0 °C (januar 1941). September er den våtaste månaden av året med ein normalnedbør på 90 mm. Februar er den turraste med 36 mm, medan normalen for heile året er 763 mm. I snitt kjem det 1 mm nedbør eller meir 113 dagar av året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oslo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.