Ё

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrillisk alfabet
А Б В Г Ґ Д Ђ
Ѓ Е Ё Є Ж Ѕ З
И І Ї Й Ј К Л
Љ М Н Њ О П Р
С Т Ћ Ќ У Ў Ф
Х Ц Ч Џ Ш Щ Ъ
  Ы Ь Э Ю Я  
Utgåtte teikn
Ҁ Ѹ Ѡ Ѿ Ѻ Ѣ ІА
Ѥ Ѧ Ѫ Ѩ Ѭ Ѯ Ѱ
    Ѳ Ѵ Ѷ    

Den kyrilliske bokstaven Ё er den sjuande bokstaven i det russiske og kviterussiske alfabetet. Han blir uttalt og er alltid trykksterk.

På moderne russisk (1950-talet og seinare) vert bokstaven 'Ё' vanlegvis skriven 'Е' (je) på prent, sjølv om uttalen skal vera . For utlendingar som ikkje kjenner ordet, er det difor somme tider vanskeleg å gissa uttalen av eit ord som er prenta med 'E'. (Gorbatsjev eller Gorbatsjov? Khrustsjev eller Khrustsjov?) I russiske barnebøker og lærebøker skil ein framleis mellom 'Е' og 'Ё'. På kviterussisk skriv ein ikkje 'Е' for 'Ё'.

Spire Denne Språkartikkelen som har med Russland og Kviterussland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.