Я

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrillisk alfabet
А Б В Г Ґ Д Ђ
Ѓ Е Ё Є Ж Ѕ З
И І Ї Й Ј К Л
Љ М Н Њ О П Р
С Т Ћ Ќ У Ў Ф
Х Ц Ч Џ Ш Щ Ъ
  Ы Ь Э Ю Я  
Utgåtte teikn
Ҁ Ѹ Ѡ Ѿ Ѻ Ѣ ІА
Ѥ Ѧ Ѫ Ѩ Ѭ Ѯ Ѱ
    Ѳ Ѵ Ѷ    

Я (Я я; kursiv Я я) er den siste bokstaven i det kyrilliske alfabetet, og blir ofte kalla ja.

I moderne slaviske språk blir bokstaven brukt i russisk, kviterussisk og ukrainsk til å uttrykka /ja/ i byrjinga av ord eler etter ein vokal og /a/ etter ein palatalisert konsonant, og i bulgarsk til /ɐ/ i trykksvake stavingar og til /ɤ̞/ (ein o-aktig midtre bakre urunda vokal) i trykksterke verb og enden av bestemte artiklar. Han finst òg i mongolsk og mange uralske, kaukasiske og tyrkiske språk brukt i område som tillhøyrde Sovjetunionen.

Я er avleidd av bokstaven jus (Ѧ ѧ) i det gamle kyrilliske alfabetet. Han blei utvikla gjennom russisk kursivskrift (skoropis’) ved at den venstre foten gradvis blei kortare før han forsvann heilt. Den midtre foten blei flytta mot venstre.

Я i andre alfabet[endre | endre wikiteksten]

Я ser ut som ein speglvendt stor R, og blir av og til brukt som dette i juksekyrillisk. Bokstaven er mellom anna brukt i logoen til musikkgruppa Korn, som «KoЯn».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]