135-film

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
135-film. Filmen er 35 mm brei.

135-film (ISO 1007) er eit format for fotografisk film som vart introdusert av Kodak i 1934.[1] Han er ein 35mm brei film for stillfotografi. 135-filmen vart svært populær, og innan slutten av 1960-talet gjekk han forbi 120-film i popularitet. Trass i konkurranse frå filmformat som 828, 126, 110 og APS, er 135-film framleis den mest brukte filmtypen.

Kvar ramme er vanlegvis 36×24 mm, om lag det dobbelte av (det opphavlege) kinofilmformatet (som i fotografi ofte vert kalla halvformat). Denne rammestorleiken på 135-film vert ofte kalla fullformat. 135-film for stillfotografi er perforert langs kantane etter Kodaks standard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The History of Kodak Roll Films». Henta 20. januar 2010.