20 spørsmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deltakarar i det amerikanske fjernsynsprogrammet Twenty Questions.

20 spørsmål er ein selskapsleik som går ut på å gjetta eit fastsett svar ved å stilla ja- og nei-spørsmål. Leiken oppmuntrar til deduksjon og kreativitet. Leiken oppstod i USA på 1800-talet.[1] Han er nemnd i A Christmas Carol av Dickens under namnet «Yes and No». 20 spørsmål blei først send på radio og fjernsyn i USA på 1940-talet. Det kom også seriar på BBC og NRK og i fleire andre land.

20 spørsmål på NRK[endre | endre wikiteksten]

20 spørsmål
Knut Borge med gjester. Frå innspelinga av «20 spørsmål» i «Studio 19» i NRK på Marienlyst, 3. februar 2005
Programleiar Trond-Viggo Torgersen
Nasjonalitet Flag of Norway.svg Noreg
Språk Norsk
Kanal Flagget til Noreg NRK1

I Noreg er 20 spørsmål best kjend som eit radioprogram. Deltakarane skal spørja seg fram og resonnera med inntil 20 ja/nei-spørsmål, for å koma fram til eit ord som ein lyttar har sendt inn. Dersom dei ikkje klarer det, får lyttaren ein premie. Ordet blir gjort kjend for publikum og lyttarar, som dermed kan mora seg mens deltakarane famlar etter svaret.[2]

Programmet gjekk på radio kvar veke frå 1947 til utpå 1980-talet med Rolf Kirkvaag som leiar.[2] Programmet hadde mange lyttarar, og er blitt kalla «et av tidenes mest populære radioprogrammer.[3]

Programmet blei send igjen frå 2006 med Knut Borge som programleiar. Det blei send på P1 og i fjernsynsopptak på NRK1. I august 2012 blei Trond-Viggo Torgersen ny programleiar.[4] Mellom deltakarane finn ein Cille Biermann, Finn Bjelke, Trond-Viggo Torgersen, Lene Kongsvik Johansen, Helén Vikstvedt, Pernille Sørensen, Ingerid Stenvold, Øystein Bache eller Rune Gokstad. Tidlegare har folk som Knut Lystad, Kari Slaatsveen, Erik Fosnes Hansen, Linn Skåber og Anne Lindmo vore innom panelet. Programmet har også levande musikk i studio, under leiing av kapellmeister Eivind Thoresen Skarpaas.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Walsorth, Mansfield Tracy. Twenty questions: a short treatise on the game, Holt, 1882
  2. 2,0 2,1 «Radioklassikeren 20 spørsmål» (20.08.2004) ved nrk.no
  3. Kyrre Dahl, Radio-klassiker gjenoppstår på NRK (27.08.04) ved Radionytt.no
  4. «- Det kom som lyn fra klar himmel», dagbladet.no, 4. september 2012