A3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei samanlikning av ulike papirformat

A3 er eit standard papirformat definert av den internasjonale standarden ISO 216 som 420 mm × 297 mm.

Eit A3-ark vert delt i to på tvers av langsida gir to A4-ark. Tilsvarande er eit A2-ark dobbelt så stort som eit A3-ark. Alle A-formata er formlike. Tilhøvet mellom langsida og kortsida er kvadratrota av 2.

Alle A-formata tek utgangspunkt i A0 som har eit areal på 1 m2. A3 har altså ei flate på 1/8 m2.

Eit mål for papirkvalitet er massen til papiret. Når vanleg skrivepapir blir oppgitt som 80 gram, betyr dette at eit A0-ark på 1 m2, med ein masse på 80 g. Eit 80 g A3-ark har dermed ein masse på 10 g.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]