Masse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Masse, materie eller substans er ein eigenskap ved alt som som er karakterisert ved at stoffet har tregleik og tyngde (gravitasjon). Det vanlege symbolet er m. Masse må ikkje forvekslast med tyngde, som er proporsjonal med massen og med tyngdeakselerasjona. Massen til ein lekam er nær konstant, same kvar han er, medan tyngda varierer med tyngdeakselerasjon.

SI-eininga for masse er kilogram. Eitt kilogram er 1000 gram og vert forkorta kg.

Er massen konstant?[endre | endre wikiteksten]

Det er nærliggande for oss å sjå massen som konstant. Dette er likevel ikkje rett i følgje Einsteins relativitetsteori der masse og energi er to sider av same sak. I følgje relativitetsteorien er

E = m c²

der E er energi, m er masse og c er lysfarten i tomt rom, ein konstant.

Etter relativitetsteorien vil ein lekam som får tilført energi, for eksempel i form av auka rørsleenergi, derfor òg få auka massen. Me har likevel tradisjon for å sjå massen som konstant fordi feilen me gjer er så liten for lekamar med fart mykje lågare enn lysfarten.

Masse kontra vekt[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet masse vert ofte samanblanda med vekt. Når me seier at «vekta er 52 kilo», meiner me enten at gjenstanden har masse på 52 kilogram, eller at gjenstanden har vekt tilsvarande ein lekam med masse på 52 kg på jorda. Det siste skulle vore uttrykt som «vekta er 52 kilopond». Ein pond er nemleg vekta av eitt gram masse på jorda. Pond er ikkje ei SI-eining og er derfor ikkje særleg mykje brukt. Skulle me ha nytta SI-einingar for å fortelje vekta, skulle me i staden ha sagt «vekta er 510 newton».