ABM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om missilar. ABM er òg ei forkorting for Arkiv, Bibliotek og Museum. Sjå òg ABM-utvikling

ABM er ei militær forkorting som står for det engelske uttrykkjet anti-ballistic missile. På norsk vert det rakettvernmissil. Dette er eit system der ein nyttar små rakettar til å skyte ned større, angripande rakettar. Ofte vert det integrerte varslingssystemet for innkomande rakettar rekna inn under dette uttrykkjet. ABM er ein grunnleggjande komponent i rakettvernskjoldet som USA held på å byggje ut.