ABU Song Festivals
- Sjå òg Asiavision (fleirtyding).
ABU Song Festivals er ein låtskrivartevling basert på Eurovision Song Contest. Formatet er sett saman av to tevlingar: ABU TV Song Festival og ABU Radio Song Festival.[1][2]
Kvart deltakarland vil sende ein song som vil verte framført direkte på radio og fjernsyn og deretter røyste fram ein vinnar.[1][2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Konseptet vart fyrst gjort kjend i 2007, då Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) kunngjorde at dei skulle selje Eurovision-konseptet til eit asiatisk selskap. Tevlinga skulle verte om lag identisk med Eurovision Song Contest.[3]
Tevlinga fekk opphavleg namnet Asiavision Song Contest, men namnet var endra til Our Sound: The Asia-Pacific Song Contest etter ei avtale mellom arrangørane og Den asiatiske kringkastingsunionen (ABU), som nyttar namnet Asiavision på sine nyhendeutvekslingar.[4]
Den fyrste utgåva skulle vorte sendt i 2009. Seinare vart han utsett til 2010. I 2012 annonserte ABU at tevlinga ville verte halden i Seoul i Sør-Korea 14. oktober 2012 under namnet ABU TV Song Festival. Siste frist for å sende inn bidrag var 18. mai 2012.[5][6]
Format
[endre | endre wikiteksten]Formatet er sett saman av to tevlingar: ABU TV Song Festival og ABU Radio Song Festival. 26 songar frå 16 land tevla i ABU Radio Song Festival som var arrangert i Seoul, medan elleve land tevla i ABU TV Song Festival som vart halden om lag samstundes med radiotevlinga.[7][8]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «ABU Radio Song Festival 2012». Den asiatiske kringkastingsunionen. Henta 20. oktober 2012.
- ↑ 2,0 2,1 «ABU Song Festival 2012». Korean Broadcasting System. Arkivert frå originalen 11. september 2013. Henta 20. oktober 2012.
- ↑ «About the Asiavision Song Contest». Asiavision Pte Ltd. Arkivert frå originalen 22. september 2008. Henta 12. oktober 2012.
- ↑ Gerlach, Andreas (27. februar 2009). «Asia-Pacific song contest gets new name». Asia-Pacific Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 17. juni 2011. Henta 20. oktober 2012.
- ↑ ABU TV Song Festival,The 1st ABU TV Song Festival,14 October 2012 (Seoul, Republic of Korea) Arkivert 2012-09-20 ved Wayback Machine., 6,5,2012.
- ↑ «ABU to launch 'Asiavision Song Contest'». Eurovision.tv. 8. november 2011. Henta 20. oktober 2012.
- ↑ Kenny, Luke (7 November 2011). «Korea to host ABU radio and TV song festivals». radioandmucis.com. Henta 20. oktober 2012.
- ↑ «ABU TV Song Festival». Den asiatiske kringkastingsunionen. Arkivert frå originalen 20. september 2012. Henta 20. oktober 2012.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Asia-Pacific Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 7. februar 2011.