Den europeiske kringkastingsunionen
Den europeiske kringkastingsunionen (EBU, engelsk: European Broadcasting Union, fransk: Union Européenne de Radio-Télévision, UER) er den største samanslutninga av nasjonale fjernsyns- og radioselskap i verda.
[endre] Bakgrunn
Unionen har (pr. august 2008), 75 medlemmar frå 56 land i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Den kjente signaturmelodien til EBU, «eurovisionshymna», er første delen av Te Deum av Marc-Antoine Charpentier.
EBU vart grunnlagt den 12. februar 1950 i Torquay i England, og slått saman med den aust-europeiske kringkastingsunionen International Radio and Television Organisation (OIRT) i 1993.
På TV-sida samarbeider ein med utveksling av nyhehendeinnslag og bilete gjennom den såkalla Eurovision. Dessutan står EBU for fleire felles sportsatsingar, som til dømes dei olympiske leikane som EBU har produsert sidan 1956.[1] Eit av dei mest kjende EBU-arrangementa er Eurovision Song Contest, som har vore arrangert årleg heilt sidan 1956.