AKSESS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AKSESS
Språknorsk
Nettstadhttps://www.aksess-tidsskrift.no/

AKSESS (ISSN 2704-0240) er eit uavhengig tidsskrift for arkiv og dokumentasjonsforvaltning i Noreg. AKSESS vart etablert i 2022 som ei vidareføring av fagtidsskriftet Arkheion.[1] Målet med etableringa av AKSESS var å skapa eit tidsskrift for heile arkivsektoren for å klargjera, binda saman og utvikla feltet, og dessutan å gjera arkiv meir synlege i den norske offentlegheita gjennom eit breitt spekter av tema.[2]

Redaktør for AKSESS er Heidi Meen.[3] Bladet vert gitt ut av ABM Media.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «- En veldig kul overraskelse». www.tidsskriftforeningen.no (på norsk bokmål). 8. mars 2023. Henta 10. januar 2024. 
  2. «Om AKSESS». www.aksess-tidsskrift.no (på norsk bokmål). Henta 10. januar 2024. 
  3. «AKSESS er nytt medlem i Fagpressen» (på norsk bokmål). Henta 10. januar 2024. 
  4. «Om ABM Media». www.aksess-tidsskrift.no (på norsk bokmål). Henta 10. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]