A Portrait of the Artist as a Young Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portrett av kunstneren som ung mann
A Portrait of the Artist as a Young Man

Forfattar(ar)James Joyce
Språkengelsk
Blei til1907
Sjangersjølvbiografisk roman, Künstlerroman, danningsroman
Utgjeven1918
ForlagThe Egoist, B. W. Huebsch

A Portrait of the Artist as a Young Man er ein halvbiografisk roman skriven av James Joyce. Romanen blei først gjeven ut som føljetong i det engelske litterære tidskriftet The Egoist frå 1914 til 1915. Han kom først ut i bokform i 1916 i USA og i 1917 i Storbritannia. Romanen handlar om Stephen Dedalus, eit alter ego for Joyce, som har namn frå Daidalos i gresk mytologi.

Boka er omsett til bokmål som Portrett av kunstneren som ung mann av Herbert Svenkerud (1948),[1] til dansk som Portræt af kunstneren som ungt menneske og til svensk som Porträtt av konstnären som ung eller Porträtt av författaren som ung.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Portrett av kunstneren som ung mann. Cappelen, 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til A Portrait of the Artist as a Young Man ved Wikisource.

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: A Portrait of the Artist as a Young Man