Aargletscher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Unteraargletscher der breane Finsteraar- og Lauteraargletscher møtest

Aargletscher er ein isbre, eller eit bresystem, i den austlege delen av Bern-Alpane, ved Finsteraarhorn.

Bresystemet består av fire veldige isstraumar, som har sitt opphav i snøbreane under toppane kring om Finsteraarhorn. Eine greina er Oberaargletscher, som straks før utløpet renn i hop med Unteraargletscher. Den sistnemnde breen oppstår der to isstraumar, som sig ned frå høgdene under Schreckhorn, renn i hop. Breen vert pressa forbi foten av Lauteraarhorn, her møtest Lauteraargletscher og Finsteraargletscher, den siste sig forbi foten av Finsteraarhorn. Vidare flyt breen 6 km mot aust ned i fjellvatnet Grimselsee nær Grimselpasset. Aargletscher er hovudkjeldas til elva Aare.

Totallengda på breen vart i 1973 målt til 12,95 km, flatevidda 29,48 km². Oberaargletscher er 4 km lang (2005). I 1973 dekte han ei flatevidd på 5,82 km².

Naturvitarane Franz Joseph Hugi (1827) og Louis Agassiz (1840) studerte begge Aargletscher. Dei to var særleg interessert i å finne ut kor langt breen flaut på eit år.