Abelsk kategori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Abelsk kategori er eit omgrep innan matematikk for ein kategori innan abstrakt algebra. Namnet på kategorien kjem frå den norske matematikaren Niels Henrik Abel.

Ein kategori er abelsk om desse krava er innfridde:

  • Han inneheld eit identitetselement.
  • Kvart par av objekt har ein sum og eit produkt.
  • Kva avbilding har ei kjerne og ei kokjerne.
  • Einkvar monomorfi er ei kjerne og einkva epimorfi er ei kokjerne.

Til dømes er kategorien av alle abelske grupper ein abelsk kategori.

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]

Spire Denne matematikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.