Action painting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den belgiske kunstnaren Jean Raine
Action Painting

Action painting (engelsk for aksjonsmåling eller aksjonsmåleri) er ei retning eller ein metode innan moderne måleri. Metoden går ut på at ein kastar, sprutar eller dryp målinga på lerretet i ein spontan aksjon, ut frå ein idé om ei samansmelting mellom kunstnaren si sinnsstemning og lerretet. Metoden oppstod i Sambandsstatane i slutten av 1940- og byrjinga av 1950-åra, representert ved kunstnarar som Willem de Kooning, Arshile Gorky, Jackson Pollock og Barnett Newman.

Uttrykket action painting vart først brukt av kunstkritikaren Harold Rosenberg i 1952.

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Kjelder[endre | endre wikiteksten]