Adagio i G-moll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Adagio i G-moll for strykarar og orgel continuo er eit nybarokk musikkverk av Remo Giazotto, først publisert i 1958. Det vert ofte kalla «Albinonis Adagio» eller «Adagio i G-moll av Albinoni, arrangert av Giazotto», men det har vorte stadfesta at heile verket er skriven av Giazotto.[1]

Det var visstnok basert på ein del av den andre satsen frå ein «Sonate i G-moll» av Tomaso Albinoni, visstnok funne blant ruinane av det gamle Sachsen statsbibliotek i Dresden, etter det vart brannbomba av dei allierte under den andre verdskrigen, men etter at Giazotto døydde i 1998 har det kome fram at det ikkje finst noko slike dokument, og det skal heller visstnok aldri ha eksistert i Sachsen statsbibliotek. Ein trur derfor at heile musikkverket er laga av han sjølv.

Stykket vert vanlegvis instrumentert for strykarar og orgel, eller berre strykarar, men har vorte såpass kjend at det òg er transkribert for andre instrument.

Den italienske dirigenten Ino Savini transkriberte stykket for eit stort orkester og dirigerte stykket sjølv, som i Ostrava i 1967 med Janacek-filharmonien.(CD "Ino Savini Live" ISC-029)[2]

Stykket har òg vore populært i populærkulturen og har vore nytta som bakgrunnsmusikk i så mange filmar, som Gallipoli, fjernsynsprogram og reklamar at han nesten har vorte ein klisje for sjølvmedvitne «triste» augneblikk.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brev frå Sachsen statsbibliotek, 24. september 1990, reprodusert i faksimile av Wulf Dieter Lugert og Volker Schütz, "Adagio à la Albinoni", Praxis des Musikunterrichts 53 (Februar 1998), s. 13–22, her s. 15.
  2. http://www.youtube.com/watch?v=gm5NArmCBFE
  3. BBC Music Magazine, mai 2009