Adamspiggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adamspiggen

Adamspiggen (eng. Adam's Peak eller, frå singalesisk, Sri Pada, 'det heilage fotavtrykket') er ein fjelltopp i Sri Lanka. Toppen når 2243 meter over havet. Fjellet er kjend for og har namnet sitt etter ei fordjuping som er ein halv meter lang og har form av eit fotspor. Fotsporet er tilskrive Buddha, Shiva eller Adam, og fjellet er heilag for både buddhistar, hinduar, kristne og muslimar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]