Adele Bloch-Bauer I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adele Bloch-Bauer I
138 x 138 cm, Olje, sylv og gull på lerret (1907).

Adele Bloch-Bauer I, òg kjend som «Goldene Adele» ('Gylne Adele'), er eit måleri laga av Gustav Klimt (1862-1918). Biletet vert rekna for å vere eit av dei viktigaste verka til Klimt og eit hovudverk innan den austerrikske jugendstilen (Wiener Secession) og vert ofte sett som eit ikon for den austerrikske kulturelle identiteten.

I juni 2006 vart biletet seld for 135 millionar amerikanske dollar, den høgaste prisen nokon hadde betalt for eit måleri til då (rekorden vart slått i november same året) . Måleriet vart kjøpt av den amerikanske forretningsmannen og museumsdirektøren Ronald Lauder til Neue GalerieManhattan i New York.

Motiv[endre | endre wikiteksten]

Måleriet viser Adele Bloch-Bauer (1881–1925) i 26-årsalderen. Ho var dotra til generaldirektør Moritz Bauer i Wiener Bankverein. I 1899 gifta Adele Bauer seg med Ferdinand Bloch (1864–1945). Systra hennar, Marie Therese Bauer, var allereide gift med bror hans, Gustav Bloch. Begge familiane tok namnet Bloch-Bauer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]