New York by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
City of New York
Flag of New York City.svg
Fakta
Delstat Delstaten New York
County (fylke) The Bronx, Brooklyn, Manhattan,

Queens, Staten Island

Ordførar Michael Bloomberg
Flatevidd 1214,4 km²
Folketal 8 143 197 (2005)
Folketettleik 10316 innb./km²
Vevside http://www.nyc.gov
Tidssone EST (UTC-5)
Geografi
City of New York si plassering i USA


New York City skyline

New York City, New York by, ofte korta til New York eller NYC, er ein metropol i delstaten New York i USA. Han er òg kjend under tilnamnet «The Big Apple», det store eplet.

Det var på Manhattan i New York at tvillingtårna World Trade Center vart ramma av terroristangrepet den 11. september 2001.

Det vert sagt at «New York er den einaste byen arrogant nok til å kalle seg sjølv verdas hovudstad, og den éinaste byen som er i stand til å leve opp til den tittelen».

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Manhattan

New York City er delt opp i 5 større distrikt der kvart distrikt er sitt eige county (innbyggartal er frå 2002):

  • Manhattan - New York County, 1 537 195 innbyggarar
  • Bronx - Bronx County, 1 332 650 innbyggarar
  • Brooklyn - Kings County, 2 465 326 innbyggarar
  • Queens - Queens County, 2 229 379 innbyggarar
  • Staten Island - Richmond County, 443 728 innbyggarar

Historie[endre | endre wikiteksten]

New York City 1935

Dei første europearane som busette seg på det som i dag er New York City var nederlendarar. År 1626 kjøpte desse personane den sørlege delen av Manhattan av indianarane og grunnla kolonien Nieuw Amsterdam. År 1664 tok England over byen etter svak motstand frå nederlendarane. Det nye namnet vart New York etter James II som var med på å finansiere overtakinga.

Frå år 1785 til 1790 var New York hovudstad i USA. Under denne tida hadde byen 30 000 innbyggarar og var med det den største i Nord-Amerika. Dette talet vart dobla om lag kvart tiande år. Allereie i 1870 var innbyggartalet éin million. For mange innvandrarar vart New York det første inntrykket av USA. Ellis Island var i lang tid hovudhamna for emigrantar.

Historisk innbyggartal[endre | endre wikiteksten]

Samla innbyggartal for dei fem bydelane i New York City:


Verdt å vitje[endre | endre wikiteksten]

Museum og kulturelle institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjende bygningar og plassar[endre | endre wikiteksten]

Fridomsgudinna

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: New York by