Advokat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein engelsk advokat i advokatdrakt.

Ein advokat er ein person som har teke juridisk embetseksamen og etter ei tid i praksis har fått advokatløyve.

Normalt er det advokatar som representerer partane i tvistesaker (sivile saker) som står for retten, legg fram saka og argumenterer (prosederer saka) på deira vegner. Men med unnatak for saker som står for Høgsterett, er det i Noreg som hovudregel ikkje krav om at ein part skal møte i retten med advokat. For Høgsterett er det berre advokatar med møterett for Høgsterett som kan møte i retten, ikkje partane sjølve, slik at det ikkje er mogleg å late vere å engasjere advokat for seg i rettsaker på dette nivået.

I straffesaker er det vanlegvis advokatar (som på det offentlege sin konstnad) forsvarar den tiltalte, eller som er støtteadvokat for den som har vore råka av ugjerninga i den typen straffesaker der vedkomande har rett til å gjere sine interesser gjeldande.

Advokatløyve[endre | endre wikiteksten]

Domstollova frå 13.08.1915 nr. 5, kapittel 11, og advokatføresegna av 20.12.1996 nr. 1161 har dei sentrale føresegnene om advokatverksemd. Hovudregelen er at alle som driv rettshjelpverksemd må ha offentleg løyve som advokat. Rettshjelpverksemd er i lova definert som ervervsmessig eller stadig yting av rettshjelp. Men kravet om advokatløyve kan på særskilde vilkår fråvikast i somme høve (domstolslova § 218).

Tilsynsrådet for advokatvirksomhet, eit statleg organ, gjev advokatløyve (§ 220) til søkjarar som er minst tjue år gamal og kan godgjere å ha juridisk embetseksamen frå anten Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen eller Universitetet i Tromsø, har minst to års fulltidspraksis som anten advokatfullmektig (fullmektig for ein praktiserande advokat, inklusive å ha røynsle frå rettssalen ved å ha prosedert (ført) minst tre litt større rettssaker), domarfullmektig (fullmektig ved ein domstol), politifullmektig, eller som universitetslærar i rettsvitskap. Dessutan må søkjaren ha fullført Advokatkurset ved Juristenes Utdanningssenter og godgjere med politiattest å ha hatt akseptabel framferd.

Advokatar som vil drive advokatverksemd i eige namn, må heile tida stille trygd for skadebot som advokaten kan verte ansvarleg for som fylgje av feil under arbeidet. Dessutan må det betalast eit årleg tilskott til Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.

Advokatløyve i eit EØS-land gjev høve til å praktisere som advokat i heile EØS-området.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Advokat
Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.