Europa
Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelar på jorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grenser i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspiahavet. Omgrepet verdsdel eller kontinent kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje forskjellige syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.
Europa er den nest minste verdsdelen i verda ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0 % av jordoverflata. Berre Australia er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 710 millionar innbyggjarar eller 11 % av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minst. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeida for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.
Innhaldsliste |
Etymologi [endre]
I antikk gresk mytologi var Europa ei fønikisk prinsesse som vart bortført av Zevs utkledd som ein okse og tatt til øya Kreta, der ho fødde Minos, Rhadamanthus og Sarpedon. For Homer var Europi (gresk: Εὐρώπη) ei mytologisk dronning på Kreta og ikkje eit geografisk område. Seinare stod Europa for det greske fastlandet og i år 500 fvt. hadde tydinga spreidd seg til landområda i nord.
Ein teori foreslår at namnet Europe kjem av det greske ordet som tyder 'brei' (eurys) og 'andlet' (opsis) — 'brei' har vore ein epitet for sjølve jorda i den rekonstruerte urindoeuropeiske religionen; sjå Prithvi (Plataia). Ein mindre utbreidd teori foreslår derimot at denne greske folkeetymologien eigentleg er basert på eit semittisk ord som det akkadiske ordet erebu som tyder 'å gå ned'[1] eit kognat til det føniske ordet 'ereb ('kveld, vest'), det arabiske Maghreb og det hebraiske ma'ariv (sjå óg Erebus).
Dei fleste store språka i verda nytta ord som kjem av «Europa» om kontinentet. I fleire hundre år nytta derimot tyrkarane ordet Frengistan (landet til frankarane) om Europa.[2]
Historie [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Europeisk historie.
Opphavet til vestleg demokratisk og individualistisk kultur vert ofte sett til Antikkens Hellas. Desse greske politiske ideala vart gjenoppdaga seint på 1700-talet av europeiske filosofar og idealistar. Ein anna stor påverknad på Europa kom frå Romarriket, som etterlet inntrykk på rett, språk og styresmakter. Dei innførte óg legitimeringa av kristendomen etter tre hundreår med romersk forfølging.
Etter Romarrikets fall gjekk Europa inn i ein lang periode med endringar under folkevandringstida. Denne perioden vart kalla den mørke mellomalderen av tenkjarar i renessansen. Isolerte klostersamfunn i Irland, Skottland og andre stader verna og samla nedskrivne kjelder frå tidlegare tider.
I løpet av denne tida vart den vestlege delen av Romarriket «gjenfødd» som Det tysk-romerske riket, seinare kalla Det heilage romerske riket av tysk nasjon. Den austlege delen av Romarriket vart i vest kjend som Austromarriket eller Det bysantiske riket. Austromarane sjølv kalla seg Βασιλεία των Ρωμαίων, Basileia tōn Romaiōn — 'Riket av romarar'. I 1453, då Det osmanske riket erobra den austromerske hovudstaden Konstantinopel opphøyrde Austromarriket, men ein liten del kalla Trebizond varte fram til 1461.
Renessansen og Dei nye monarkane markerte starten på Oppdagingstida, ein periode med utforsking, oppfinning og vitskapleg utvikling som hadde røter i Italia. På 1400-talet opna Portugal oppdagingsalderen, raskt etterfylgd av Spania. Frankrike, Nederland og England slutta seg seinare til og bygde store kolonirike i Afrika, Amerika og Asia.
Etter oppdagingstida fekk dei demokratiske ideane feste i Europa. Det oppstod kampar for sjølvstende, særleg i Frankrike under perioden kalla Den franske revolusjonen. Dette førte til aukande uro i resten av Europa då dei revolusjonære ideane spreidde seg over kontinentet. Framgangen til demokratiet førte til auka uro i Europa, i tillegg til den uroa som allereie eksisterte som følgje av konkurranse i Den nye verda. Den mest kjende av desse konfliktane oppstod då Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike og la ut på ei erobringsreise der han danna det nye franske riket, som raskt braut saman. Etter desse erobringane vart Europa stabilisert, men dei gamle fundamenta hadde allereie byrja å falle saman.
Den industrielle revolusjonen starta i Storbritannia seint på 1700-talet, noko som fjerna fokuset på jordbruk, førte til generelt auka velstand og samsvarande auke i folketalet. Mange statar i Europa fekk sine noverande grenser etter den første verdskrigen. Frå slutten av den andre verdskrigen til slutten av den kalde krigen var Europa delt i to store politiske og økonomiske blokker: Kommunistiske nasjonar i Aust-Europa og kapitalistiske land i Sør-, Nord- og Vest-Europa. Oppløysinga av jernteppet og Austblokka førte i 1989 til Berlinmuren sitt fall og den formelle oppløysinga av Sovjetunionen i 1991.
Den europeiske integreringa har vore eit tema i europeisk politikk sidan slutten av den første verdskrigen og skaut fart etter slutten av den kalde krigen. Som følgje av øydelegginga og lidinga under den andre verdskrigen og som eit ledd i forsoninga etter krigen ført ideen om den europeiske integreringa til opprettinga av Europarådet i Strasbourg i 1949, som i 1950 danna Den europeiske menneskerettskonvensjonen med Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Etter fallet til Berlinmuren kunne tidlegare kommunistiske land i Sentral- og Aust-Europa ta del i Europarådet, som no består av 47 statar. Kviterussland er ikkje med i rået på grunn av den ikkje-demokratiske regjeringa si. Den europeiske unionen, etterfølgjaren til EF, har vorte utvida frå dei seks opphavlege landa til 27 i dag. EU har utvikla seg frå ein handelsorientert organisasjon til eit forbund på fleire område.
Talet på europeiske medlemsland i NATO har óg auka etter slutten av den kalde krigen der fleire land i Aust-Europa er tatt opp.
Geografi og utstrekking [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Europeisk geografi.
Fysiskgeografisk er Europa den nordvestlege delen av den større landmassen kalla Eurasia eller Afrika-Eurasia: Asia utgjer den store austlege delen av den samanhengande landmassen og alle deler den same kontinentalsokkelen. Den austlege grensa til Europa vert i dag rekna som ei linje langs Uralfjella i Russland. Geografen Strabo frå det 1. hundreåret, [3], nytta elva Tanais som grensa, og det same gjorde tidlegare kjelder frå Judea. Den søraustlege grensa til Asia er derimot ikkje universelt definert. Vanlegvis vert Uralelva eller elva Emba nytta som ei mogeleg grense. Grensa held fram til Kaspiahavet, toppen av Kaukasusfjella eller elva Kura i Kaukasia, og vidare til Svartehavet; Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Middelhavet i sør skil Europa frå Afrika. Den vestlege grensa er Atlanterhavet; Island, som ligg nærare Grønland (Nord-Amerika) enn det europeiske fastlandet, vert generelt rekna som ein del av Europa. Det er ein pågåande debatt om kor det geografiske senteret i Europa ligg.
På grunn av samfunnspolitiske og kulturelle skilnadar er det forskjellige skildringa av grensene til Europa. I nokre kjelder er ikkje enkelte delar av Europa tatt med, medan dei same områda er tatt med i andre kjelder. Til dømes reknar geografar frå Russland og dei tidlegare sovjetstatane Uralfjella som ein del av Europa, medan Kaukasia er ein del av Asia. Mange geografar reknar derimot dei sørlege grensene til Azerbadsjan og Armenia mot Iran og Tyrkia si sørlege og austlege grense til Syria, Irak og Iran som grensa mellom Asia og Europa på grunn av politiske og kulturelle årsaker. Sjølv om Kypros ligg svært nær Asia vert ho rekna som ein del av Europa av same årsaker.
Fysisk geografi [endre]
Landskapet i Europa viser stor variasjon over relativt små område. Dei sørlege områda er derimot meir fjellkledd, medan ein nord for Alpane, Pyreneane og Karpatane glir over i åslendte landskap og breie, låge sletter, som er vidstrakte i aust. Denne utstrakte sletta vert kalla Den store europeiske sletta med hjarte i Det nordeuropeiske låglandet. Ein boge med høgareliggande område strekk seg så frå vestlege delar av Storbritannia og Irland, og held fram på langs av heile Noreg.
Denne skildringa er forenkla. Mindre område av Den iberiske halvøya og Italia inneheld komplekse geografiske trekk og det same gjer sentrale delar av Europa med mange platå, elvedalar og flodområde. Andre område som Island, Storbritannia og Irland er spesialtilfelle. Island er eit eige landområde nord i Atlanterhavet, som vert rekna som ein del av Europa, medan dei to sistnemnde er høgareliggande område som ein gong var ein del av fastlandet før det stigande havet gjorde dei om til øyar.
-
Elbrus, det høgaste fjellet i Europa
-
Taragjelet, det djupaste gjelet i Europa ligg i Montenegro.
-
Kysten av Middelhavet i Hellas.
Klima [endre]
- For meir om dette emnet, sjå klima i Europa.
Europa har eit temperert klima som er typisk maritimt i vest, men som vert gradvis meir kontinentalt mot aust. Eit lite område heilt i søraust har steppeklima, medan nokre større område i fjellet og lengst nord har tundraklima. Store delar av Europa har kring 500-1000 mm nedbør, som er jamt fordel utover året, bortsett frå i middelhavsområdet som har tørke om sommaren. Dei geografiske tilhøva gjer at Europa er langt mildare og fuktigare enn andre verdsdelar på same breiddegrad.
Klimaet er dominert av vestavindsbeltet og korleis dette varierer gjennom året. Det flyttar seg gjerne mot sør om vinteren og mot nord om sommaren, noko som særleg gjev stor variasjon gjennom året i Sør-Europa. Golfstraumen fører med seg mildt vatn til kyststrøka utanfor Vest-Europa og nordover mot norskekysten.
Fjella strekkjer seg nesten samanhengande frå Pyreneane til Vesleasia og dette hindrar ein del luft mellom nord og sør, medan luftstraumane frå vest i liten grad vert hindra av fjell. Fjella i Noreg og Sverige er av dei få fjella i Europa som stoppar vestavinden. Vestkysten av Noreg har mildare vintrar enn nokon annan stad på desse breiddegradene, medan det berre nokre få hundre kilometer lenger aust kan vere harde vintrar i dalane.
I Sør-Europa hindrar Middelhavet dei ekstreme temperaturane. Om sommaren dekkjer azorehøgtrykket middelhavslanda, som gjev mykje sol og lite nedbør, bortsett frå enkelte regnbyer no og då. Om vinteren trekkjer vestavindsbeltet sørover og ein kan både få frontnedbør i samband med lågtrykk og meir ustabil luft og regnbyer. Stundom kan ein få kaldluftsutbrot frå kontinentet i nordaust, noko som kan gje kulde og stundom snø ganske langt sør i Europa.
Biologisk mangfald [endre]
Dyr og planter i Europa har levd side om siden med dei europeske bøndene i fleire tusen år, noko som har hatt stor innverknad på plante- og dyrelivet. Bortsett frå område i Skandinavia og nord i Russland er det få urørte villmarksområde i dag i Europa, bortsett frå forskjellige nasjonalparkar.
Det største naturlege vegetasjonsdekke i Europa er blandingsskog og veksttilhøva er generelt gode. I nord varmar Golfstraumen opp kontinentet, medan Sør-Europa har mildt eller varmt klima. I sør er det derimot ofte tørke. Fjellryggane påverkar forholda og nokre av desse (Alpane, Pyreneane) er orientert aust-vest slik at vinden kan føre med seg fuktige luftmassar frå Atlanterhavet til dei indre områda aust i Europa. Andre fjell er orientert frå sør til nord (Dei skandinaviske fjella, Dei dinariske Alpane, Karpatane, Apenninane) slik at områda på eine sida av fjellet (som oftast austsida) hamnar i regnskuggen. Her kan ein ofte finne frodige fjellsider på sida som vender mot havet, medan den andre sida har dårlegare vekstvilkår. Det er få område i Europa som ikkje har vorte nytta som beitemark på eitt eller anna tidspunkt og hogging av skog har endra dei opphavlege økosystema for plante- og dyreliv.
80 til 90 % av Europa var ein gong dekka av skog. Han strakk seg frå Middelhavet til Nordishavet. Sjølv om over halvparten av den opphavlege skogen har forsvunne gjennom avskoging i løpet av mange hundreår, er framleis ein fjerdedel av Europa dekka av skog, slik som taigaen i Skandinavia og Russland, blandingsskogen i Kaukasus og korkeikskogane vest i Middelhavet. Dei siste åra har derimot avskoginga minka og mange tre har vorte planta. I mange tilfelle har derimot ofte bartre i monokultuarar erstatta den opphavlege naturlege blandingsskogen. Desse plantasjane dekkjer i dag store landområde, men gjev dårlegare habitat for mange europeiske artar som krev forskjellige treartar og mangfaldig skogstruktur. Den naturlege skogen dekkjer i dag berre 2-3 % eller mindre i Vest-Europa, medan han i den europeiske delen av Russland utgjer 5-10 %. Det landet i Europa med minst skog (om ein ser bort frå miniputtstatane) er Island (2 %), medan skog dekkar 72 % av Finland.
I den tempererte delen av Europa dominerer blandingsskog med både lauvtre og bartre. Den viktigaste arten i Sentral- og Vest-Europa er bøk og eik. I nord er taigaen ei blanding av gran, furu og bjørk, medan ein lenger nord i Russland og heilt nord i Skandinavia glir over i tundra. Ved Middelhavet har det vorte planta mange oliventre, som er godt tilpassa det tørre klimaet. Sypress har òg vorte planta i store delar av Sør-Europa. Det halvtørre middelhavsområdet inneheld store område med kratt. Eit smalt område med ei eurasiatisk grasslette (steppe) strekk seg austover frå Ukraina og sørlege område av Russland til Ungarn og går over i taigaen i nord.
Isbredanning under den siste istida og menneskeleg påverknad har påverka fordelinga av det europeiske plantelivet. Når det gjeld dyrelivet er dei fleste store dyra og rovdyra i mange delar av Europa vorte utrydda ved jakt. Mammuten vart utrydda alt i steinalderen. I dag er ulv og bjørnar utryddingstrua. Ein gong fann ein desse over nesten heile Europa. I dag har avskoging ført til at desse dyra har trekt seg lenger og lenger tilbake. I mellomalderen fann ein stort sett berre bjørn i utilgjengelege fjellområde med skog. I dag held bjørnen stort sett til på Balkanhalvøya, i Skandinavia og i Russland. Ein mindre del held òg til i andre område, som i Austerrike og Pyreneane. I tillegg finn ein isbjørn på Svalbard. Ulven, det nest største rovdyret etter bjørnen, finn ein hovudsakleg i Aust-Europa og på Balkan, med små grupper i Spania og Skandinavia.
Andre viktig europeiske rovdyr er røyskatt, villkatt, rev (særleg raudrev), sjakal, forskjellige artar av mår, piggsvin, forskjellige reptilar som slange, hoggorm og snok, forskjellige fuglar (ugler, haukar og andre rovfuglar).
Viktige europeiske planteetarar er snigel, amfibiar, larve, fisk, forskjellige fuglar og pattedyr som gnagarar, hjort, rådyr, villsvin og i fjella murmeldyr, steinbukk, gemse og andre.
Sjødyr er òg ein viktig del av det europeiske plante- og dyrelivet. Plantelivet i sjøen består hovudsakleg av planteplankton. Viktig dyr i dei europeiske havområda er dyreplankton, blautdyr, pigghudingar, forskjellige krepsdyr, blekksprut og akkar, fisk, delfin og kval.
Det biologiske mangfaldet i Europa er verna gjennom Europarådet.
Demografi [endre]
Sidan renessansen og oppdagingstida har Europa vore ein stor påverknad på kultur, økonomi og samfunnsrørsler i verda. Den europeiske demografien er ikkje berre viktig historisk, men óg for å forstå dei noverande internasjonale forholda.
Nokre noverande og tidlegare emne i europeisk demografi har inkludert religiøs utvandring, raseforhold, økonomisk emigrasjon, minkande fødselsrate og aldrande folkesetnad. I nokre land, som Irland og Polen, er tilgang til abort for tida avgrensa, medan det tidlegare var vanlege med restriksjonar på fødselsregulering i heile Europa. I tillegg har tre europeiske land, (Nederland, Belgia og Sveits) tillate frivillig dødshjelp i avgrensa form for uhelbredelege dødssjuke personar.
I 2005 vart folketalet i Europa estimert til 728 millionar innbyggjarar i følgje SN, som er litt meir enn ein niandedel av folketalet i heile verda. For hundre år sidan utgjorde Europa om lag ein fjerdedel av det totale folketalet i verda. Folketalet i Europa har auka det siste hundreåret, men andre område av verda (særleg Afrika og Asia) har folketalet auka mykje raskare.[4] I følgje SN vil folketalet i Europa utgjere 7 % i 2050 og telje 653 millionar.[5] Det gjennomsnittlege barnetalet per kvinne er 1,38. I følgje enkelte kjelder,[6][7] er dette talet høgare hos muslimar. I 2005 estimerte EU at 1,8 millionar menneske emigrerte til Europa, trass i at Europa har ei av dei største folketettleikane i verda. Dette utgjorde 85 % av den totale folkeveksten i Europa.[8]
Politisk geografi [endre]
Område og regionar [endre]
Landa i denne tabellen er kategorisert av SN.
Det er forskjellige definisjonar på inndelinga av Europa, som t.d. Vest-Europa og Sentral-Europa. Dei følgjande områda og regionane kan derfor variere i andre samanhengar.
| Regionar[9] og territorium med flagg |
Areal (km²) |
Folketal (estimat frå 1. juli 2002) |
Folketettleik (per km²) |
Hovudstad |
|---|---|---|---|---|
| Aust-Europa: | ||||
| 207 600 | 10 335 382 | 49.8 | Minsk | |
| 110 910 | 7 621 337 | 68.7 | Sofia | |
| 78 866 | 10 256 760 | 130.1 | Praha | |
| 93 030 | 10 075 034 | 108.3 | Budapest | |
| 33 843 | 4 434 547 | 131.0 | Chisinau | |
| 312 685 | 38 625 478 | 123.5 | Warszawa | |
| 238 391 | 21 698 181 | 91.0 | Bucharest | |
| 3 960 000 | 106 037 143 | 26.8 | Moskva | |
| 48 845 | 5 422 366 | 111.0 | Bratislava | |
| 603 700 | 48 396 470 | 80.2 | Kiev | |
| Nord-Europa: | ||||
| 1 552 | 26 008 | 16.8 | Mariehamn | |
| 43 094 | 5 368 854 | 124.6 | København | |
| 45 226 | 1 415 681 | 31.3 | Tallinn | |
| 1 399 | 46 011 | 32.9 | Tórshavn | |
| 336 593 | 5 157 537 | 15.3 | Helsinki | |
| 78 | 64 587 | 828.0 | St. Peter Port | |
| 103 000 | 307 261 | 2.7 | Reykjavík | |
| 70 280 | 4 234 925 | 60.3 | Dublin | |
| 572 | 73 873 | 129.1 | Douglas | |
| 116 | 89 775 | 773.9 | Saint Helier | |
| 64 589 | 2 366 515 | 36.6 | Riga | |
| 65 200 | 3 601 138 | 55.2 | Vilnius | |
| 324 220 | 4 525 116 | 14.0 | Oslo | |
| 62 049 | 2 868 | 0.046 | Longyearbyen | |
| 449 964 | 9 090 113 | 19.7 | Stockholm | |
| 244 820 | 61 100 835 | 244.2 | London | |
| Sør-Europa: | ||||
| 28 748 | 3 544 841 | 123.3 | Tirana | |
| 468 | 68 403 | 146.2 | Andorra la Vella | |
| 51 129 | 4 448 500 | 77.5 | Sarajevo | |
| 56 542 | 4 390 751 | 77.7 | Zagreb | |
| 5.9 | 27 714 | 4 697.3 | Gibraltar | |
| 131 940 | 10 645 343 | 80.7 | Aten | |
| 301 230 | 58 751 711 | 191.6 | Roma | |
| 25 333 | 2 054 800 | 81.1 | Skopje | |
| 316 | 397 499 | 1 257.9 | Valletta | |
| 13 812 | 616 258 | 44.6 | Podgorica | |
| 91 568 | 10 084 245 | 110.1 | Lisboa | |
| 61 | 27 730 | 454.6 | San Marino | |
| 88 361 | 9 663 742 | 109.4 | Beograd | |
| 20 273 | 1 932 917 | 95.3 | Ljubljana | |
| 504 851 | 45 061 274 | 89.3 | Madrid | |
| 0.44 | 900 | 2 045.5 | Vatikanet | |
| Vest-Europa: | ||||
| 83 858 | 8 169 929 | 97.4 | Wien | |
| 30 510 | 10 274 595 | 336.8 | Brussels | |
| 547 030 | 59 765 983 | 109.3 | Paris | |
| 357 021 | 83 251 851 | 233.2 | Berlin | |
| 160 | 32 842 | 205.3 | Vaduz | |
| 2 586 | 448 569 | 173.5 | Luxembourg | |
| 1.95 | 31 987 | 16 403.6 | Monaco | |
| 41 526 | 16 318 199 | 393.0 | Amsterdam | |
| 41 290 | 7 507 000 | 176.8 | Bern | |
| Sentral-Asia: | ||||
| 150 000 | 600 000 | 4.0 | Astana | |
| Vest-Asia:[20] | ||||
| 7 110 | 175 200 | 24.6 | Baku | |
| 2 000 | 37 520 | 18.8 | Tbilisi | |
| 24 378 | 11 044 932 | 453.1 | Ankara | |
| Totalt | 10 176 246[24] | 709 608 850[25] | 69.7 | |
Økonomi [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Europeisk økonomi.
Som eit kontinent er økonomien i Europa for tida den største i verda. Den europeiske unionen er eit mellomstatleg organ som består av dei flese europeiske statane, og er ein av dei to strøste i verda. Av medlemslanda i EU har Tyskland den største nasjonale økonomien. Tretten av EU-landa har den same valuttaen, euroen. Store økonomiske sektorar i Europa er mellom anna jordbruk, produksjon og investeringar. Størsteparten av handlen til EU er med USA, Kina, India, Russland og andre europeiske land som ikkje er medlem av EU.
Språk og kulturar [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Språk i Europa.
Det er fleire språkgrupper i Europa. Desse fell saman ofte (men ikkje alltid) med kulturelle og historiske samband mellom dei forskjellige nasjonane, men i andre tilfelle er religion ein viktig grensefaktor.
Språkleg mangfald og vern av regions- og minoritetsspråk vert rekna som eit politisk mål i Europa i dag. Europarådet sette med sine Rammekonvensjonen for Vern av Nasjonale Minoritetar og Europeisk pakt om regions- eller minoritetsspråk sette opp eit rettsleg rammeverk for språkrettar i Europa.
Romanske språk [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Latin-Europa.
Romanske språk vert meir eller mindre tala i dei sørvestlege områda av Europa, i tillegg til Romania og Moldova, som ligg i Aust-Europa. Dette området består av: Andorra, Italia, Portugal, Frankrike (ekskludert Nord og Alsace), Spania, Romania, Moldova, den fransktalande delen av Belgia (Vallonia, delar av Brussel), fransktalande delar av Sveits (Romandy), italiensktalande delar av Sveits, italiensktalande delar av Kroatia (delar av Istria) og den retroromansktalande delen av Sveits. Alle romanske språk kjem hvoudsakleg frå det romerske språket, latin.
Germanske språk [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Germansk Europa.
Germanske språk vert stort sett tala i den nordvestlege delen av Europa og nokre delar av Sentral-Europa. Dette området består av: Noreg, Sverige, Tyskland, Storbritannia, Republikken Irland, Danmark, Nederland, den nederlandsktalande delen av Belgia (Flandern, delar av Brussel og den tysktalande delen aust i Vallonia), Austerrike, Ungarn (Sopron), Slovakia (Bratislava; tidlegare «Pressburg»), Liechtenstein, 68–74 % av Sveits, Island, Færøyane, Luxembourg, Polen (område i Schlesien), Pommern, Aust-Preussen, Frankrike (Alsace-Lorraine og Nord-Pas de Calais), dei svensktalande kommunane i Finland og den sjølvstyrte Alto Adige og Sør-Tyrol i Italia.
Slaviske språk [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Slavisk Europa.
Slaviske språk vert tale i sentrale, austlege og søraustlege område av Europa. Dette området består av: Kviterussland, Bosnia-Herzegovina, Bulgaria, Kroatia, Tsjekkia, regionane Sachsen og Brandenburg i Tyskland (sorbarar), Republikken Makedonia, Nord-Hellas, Montenegro, Polen, Russland, Serbia, Slovakia, Slovenia, området Transnistria og Ukraina.
Uralske språk [endre]
Uralske språk er delt inn i tre hovudgrupper, og to av desse er representert i Europa. Finskpermiske språk vert tala i Finland, Estland og delar av Sverige, Noreg, Latvia og Europeisk Russland, medan ugriske språk vert tala i Ungarn og delar av Romania, Slovakia, Serbia, Ukraina og Sibir. Desse to gruppene utgjer den finskugriske greina av den uralske språkfamilien.
Tyrkiske språk [endre]
Tyrkiske språk vert er hovudspråket i Tyrkia og Aserbajdsjan og eit minoritesspråk i delar av Kypros, Bulgaria, Serbia, Hellas, Russland, Republikken Makedonia, Moldova, Ukraina, Kaukasia og i tyrkiske diasporasamfunn i fleire andre europeiske land (hovudsakleg Tyskland, Sverige, Frankrike, Belgia og Nederland).
Baltiske språk [endre]
Baltiske språk vert tala Litauen og Latvia. Estland sitt nasjonalspråk er ein del av den finskugriske familien sjølv om landet geografisk er ein del av Baltikum.
Keltiske språk [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Keltiske nasjonar.
Keltiske språk strakk seg ein gong over heile Vest- og Sentral-Europa og inn i Anatolia, men er i dag stort sett avgrensa til dei vestlegaste områda av dei såkalla keltiske nasjonane: Irland, Skottland, Isle of Man, Wales, Cornwall og Bretagne. Kontinental keltisk, inkludert gallisk språk og keltiberisk, forsvann på 500-talet. Berre øykeltiske språk—goideliske språk (irsk, skotsk gælisk, manx) og brytoniske språk (wallisisk, bretonsk, kornisk)—har overlevd inn i moderne tider.
Andre språk [endre]
Bortsett frå desse sju hovudspråkgruppene finn ein:
- Gresk språk, eit av dei eldste europeiske språka vert tala i Hellas, Kypros, og delar av Tyrkia, Albania, Georgia, Armenia og Italia, og i greske diasporasamfunn i fleire andre europeiske land (hovudsakleg Tyskland).
- Ossetisk språk, eit iransk språk som vert tala i Nord-Ossetia-Alania og Sør-Ossetia (eller Ossetia, ein region i Kaukasus på grensa mellom Russland og Georgia).
- Armensk språk, eit indoeuropeisk språk tala i Armenia og rundt om i Aust-Europa med forskjellige dialektar.
- Nordkaukasisk, ei gruppe som inkluderer etniske grupper gjennom Kaukasia (både i nord og i sør). Nordkaukasiske språk vert delt inn i to greiner: Nordaustkaukasisk og nordvestkaukasisk. Denne gruppa inkluderer abkhazarar, tsjetjenarar, ingusjar, bacbi, og fleire andre mindre etniske grupper i Kaukasia.
- Sørkaukasiske eller kartveliske språk, ei gruppe som inkluderer georgisk språk.
- Maltesisk språk, eit romantisert semittisk språk, vert tala på Malta. I motsetnad til andre semittiske språk er maltesisk skrive i latinsk alfabet.
- Baskisk språk vert tala i Baskarland, t.d. delar av det sørlege Frankrike og nord i Spania.
- Albansk språk, som det greske språket, dannar ei sjølvstendig grein av den indoeuropeiske språkfamilien utan andre liknande språkfamiliar. Store albansktalande samfunn utanfor Albania bur i Kosovo (Serbia), Republikken Makedonia, Montenegro, Hellas, Tyrkia og Sør-Italia.[26]
- Ei mongolsk grein av den altaiske rekka er representert i Europa ved kalmykisk, som vert tala av kalmykarar i Kalmykia, ein del av Russland.
Religionar [endre]
- For meir om dette emnet, sjå Religion i Europa.
Dei mest dominerande religionane i Europa er:
- Kristendom
- Katolisisme: Land eller område med store katolske folkesetnadar er Andorra, Austerrike, Vest-Kviterussland, Belgia, Bosnia-Herzegovina, Kroatia, Tsjekkia, Frankrike, Sør- og Vest-Tyskland, Ungarn, Republikken Irland, Italia, Latgale i Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxembourg, Malta, Monaco, Sør-Nederland, Polen, Portugal, Romania, San Marino, Serbia, Slovakia, Slovenia, Spania, sentrale og sørlege delar av Sveits og Vatikanstaten. Det er store katolske minoritetar i Storbritannia: England, Skottland, Wales og dei fleste europeiske land.
- Austleg katolisisme, óg kalla uniatisme, finn ein vest i Ukraina, Bulgaria, Kypros, Hellas, Armenia, Ungarn, Republikken Makedonia, Romania, Serbia og Slovakia, sør i Italia (Sardinia og Sicilia) og Korsika i Frankrike.
- Ortodoks kristendom: Landa med store ortodokse folkesetnadar er Hellas, Russland, Kviterussland, Bosnia-Herzegovina, Republikken Makedonia, Moldova, Montenegro, Armenia, Serbia, Ukraina, Romania, Bulgaria, Kypros, Georgia, dei austlegaste områda av Ungarn, ein liten minoritet sør i Italia, Kasakhstan, større minoritetar i Albania, Latvia og Litauen, mindre minoritetar i Polen, Finland (Karelia), ein relativt liten minoritet i Tyrkia som høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja [27].
- Protestantisme: Land med store protestantiske folkesetnadar er Danmark, Estland, Finland, nordlege og austlege delar av Tyskland, Island, Latvia, Nederland, Noreg, Sverige; austlege, nordlege og vestlege delar av Sveits og Storbritannia. Det er store minoritetar i Frankrike, Tsjekkia, Ungarn, Republikken Irland. Mindre protestantiske kyrkjer finn ein i Austerrike, Belgia, Tsjekkia, Italia, Litauen, Polen, Romania, Russland, Serbia, Slovakia og Ukraina.
- Islam: Land med store muslimske folkesetnadar Albania, Aserbajdsjan, Bosnia-Herzegovina, Bulgaria, Frankrike, Georgia, Kasakhstan, Montenegro, fleire republikkar i Russland, Serbia, Tyrkia, Krimhalvøya i Ukraina.
Andre religionar som vert praktisert av mindre grupper i Europa er mellom anna:
- Jødedom hovudsakleg i Frankrike, Tyskland, Storbritannia, Russland og Tyrkia. Ein gong vart jødedom praktisert i større grad gjennom heile det europeiske kontinentet, men det har minka etter deportasjon, utrydding og utvanding av jødar i løpet av dei siste tusen åra.
- Hinduisme hovudsakleg hos sørasiatiske innvandrarar i Storbritannia. I 1998 vart det estimert 1&nsbp;382 millionar hinduar i Europa[28].
- Buddhisme er tynt spreidd gjennom heile Europa, og i Kalmykia i Russland hos kalmukar av asiatisk opphav.
- Europeiske heidenske tradisjonar og trusamfunn finn ein i mange land (ei raskt veksande nyheidensk rørsler i Frankrike, Tyskland, Irland og Storbritannia). Ei nyheidensk tru kalla Asatru er anerkjend som ein minoritetsreligion på Island (i 1973), Noreg og Sverige.
- Rastafari, samfunn i Storbritannia, Frankrike, Spania, Portugal, Italia og andre stader.
- Sikhisme og jainisme, mindre samfunn, hovudsakleg hos indiske invandrarar i Storbritannia.
- Voodoo, hovudsakleg hos karibiske og vestafrikanske immigrantar i Storbritannia og Frankrike.
- Tradisjonelle afrikanske religionar (inkludert Muti), hovudsakleg i Storbritannia og Frankrike.
- Andre religionar med få (eller under ein milionar) tilhengjarar i Europa: Animisme, kristen vitskap, kosmoteisme, deitisme, øko-religion, gnostisisme, heidenskap, diskordianisme, Jehovas vitner, mennonittar, den moraviske kyrkja, mormonisme eller Dei siste dagars heilage, panteisme, polyteisme, teologisk relativisme, scientologi, sjuendedagsadventistar, Universal Life Church, unitarianarar, wicca og zoroastrianisme [1].
Millionar av europearar bekjenner seg ikkje til noko religion eller er ateistar, agnostikarar eller humanistar. Dei største ikkje-religiøse folkesetnadane (i prosent) finn ein i Tsjekkia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Nederland, Noreg, Sverige og dei tidlegare sovjetlanda Kviterussland, Estland, Russland og Ukraina.
Offisielle religionar [endre]
Fleire land i Euorpa har ein statsreligion, inkludert Liechtenstein, Malta, Monaco, Vatikanstaten (katolsk), Hellas (Orientalsk ortodoks); Danmark, Island og Noreg (protestantisk). I Sveits er nokre kantonar offisielt katolske, medan andre offisielt er protestantiske. Nokre sveitsiske landsbyar har til og med religionen, i tillegg til landsbynamnet, skrive på skilta.
Georgia har ingen etablert kyrkje, men Den georgisk-ortodokse kyrkja har ein de facto priviligert status. I Finland er både den finsk-ortodokse kyrkja og den lutherske kyrkja offisielle. England, ein del av Storbritannia, har anglikanisme som sin offisielle religion. Skottland, ein annan del av Storbritannia, har presbyterianisme som si folkekyrkje, men denne er ikkje lenger «offisiell», og i Sverige er folkekyrjka lutheranisme, men denne er heller ikkje lenger «offisiell». Aserbajdsjan, Frankrike, Portugal, Romania, Russland, Spania og Tyrkia er offisielt «verdslege».
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Europa – klima» av Petter Dannevig
Fotnotar [endre]
- ↑ Etymonline: European. Vitja 10.09.2006.
- ↑ Davidson, Roderic H. (1960) «Where is the Middle East?» – Foreign ĆAffairs, bind 38, s. s. 665–675.
- ↑ Strabo Geografia 11.1
- ↑ UNPP, 2004 Revision World Population Prospects: The 2004 Revision Population Database. Dei sameinte nasjonane Folketalsavdelng, 2005. Vitja 25. oktober, 2006.
- ↑ http://esa.un.org/unpp/p2k0data.asp
- ↑ Brookings Institute Report
- ↑ http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/europe/4385768.stm
- ↑ Europa: Folketal og emigrasjon i 2005
- ↑ Kontinentaleregionar etter inndelings kart frå SN. Ut frå kva definisjon som er nytta kan forskjellige område og høyre til både Europa og Asia Afrika eller Oseania.
- ↑ Inkluderer Transnistria eit område som er erklært og de facto er sjølvstendig men ikkje anerkjend de jure som ein eigen stat.
- ↑ Russland vert generelt rekna som eit transkontinentalt land i Aust-Europa og Asia der områda vest for Uralfjella og både Uralelva og Emba. Folketalet og flateviddet er for den europeiske delen.
- ↑ Guernsey er ein del av Den britiske krona.
- ↑ Isle of Man er ein del av Den britiske krona.
- ↑ Jersey er ein del av Den britiske krona.
- ↑ Tala for Portugal inkluderer Asorane vest for Portugal men ikkje Madeiraøyane vest for Marokko i Afrika.
- ↑ Tala for Serbia inkluderer Kosovo og Metohia ein provins som vert styrt av SN.
- ↑ Tala for Frankrike inkluderer berre France métropolitaine. Nokre delar av Frankrike er geografisk utanfor Europa.
- ↑ Folketalet og arealet tek berre med dei europeiske områda. Aruba og Dei nederlandske antillane ligg i Karibia. Amsterdam er den offisielle hovudstaden medan Hague er det administrative setet.
- ↑ Kasakhstan vert stundom rekna om eit transkontinentalt land i Sentral-Asia og Aust-Europa med europeiske område vest for Uralfjella og både elvane Ural og Emba. Tale gjend berre dei europeiske områda.
- ↑ Armenia og Kypros vert stundom rekna som transkontinentale land. Begge er fysiskgeografisk i Vest-Asia men har historiske og samfunnspolitiske band til Europa.
- ↑ Aserbajdsjan vert ofte rekna som eit transkontinentalt land i Vest-Asia og Aust-Europa. Folketalet gjeld berre for den europeiske delen (nord for Kaukasus og elva Kura). Det tek ikkje med ekslaven Nakhtsjivan og Nagorno-Karabakh
- ↑ Georgia vert ofte rekna som eit transkontinentalt land i Vest-Asia og Aust-Europa. Folketalet gjeld berre for den europeske delen (nord for Kaukasus og elva Kura). Inluderar Abkhasia og Sør-Ossetia to område som har erklært sjølvstende og de facto er sjølvstendig men som ikkje de jure er anerkjend av andre statar.
- ↑ Tyrkia vert ofte rekna som eit transkontinentalt land i Vest-Asia og Sør-Europa. Regionen Rumelia (Thraki)—som inkluderer provinsane Edirne Kırklareli Tekirdağ og dei vestlege delane av Çanakkale og Istanbul provins—er vest og nord for Bosporus og Dardanellane. Folketalet og areaet gjeld berre den europeiske delen (inkludert heile Istanbul).
- ↑ Arealet inkluderer berre dei europeiske områda av dei transkontinentale landa.
- ↑ Folketalet inkluderer berre dei europeiske områda av dei transkontinentale landa.
- ↑ ethnologue.com
- ↑ www.ec-patr.org
- ↑ www.adherents.com
Bakgrunnsstoff [endre]
Reiseguide for Europe frå Wikivoyage- Europa om natta på NASA Earth Observatory
- Regionar i Europa
- Europarådet
- Parkar i Europa—Nasjonalparkar, naturparkar, reservat og andre verna område.
- Kart over Europa
- ena.lu
- Kart over Vest-Europa under den siste istida