Akrylglas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elektrisk gitar av plexiglass.

Polymetylmetakrylat (forkorta PMMA og òg kjend som akrylglas) er ein gjennomsiktig termoplast ofte brukt som eit lettvekts- eller knuseresistent alternativ til glas.

Sjølv om det ikkje er ein type silisiumbasert glas, er substansen, slik som mange termoplastar, ofte teknisk sett ein type glas (ein ikkje-krystallinsk, gjennomsiktig fast stoff), og har historisk sett ofte vorte kalla  akrylglas. Kjemisk, så er det ein syntetisk polymer av metylmetakrylat. Materialen vart utvikla i 1928 i fleire ulike laboratorium av fleire kjemikarar som William Chalmers, Otto Röhm og Walter Bauer og vart først ført til marknaden i 1933 av Rohm and Haas Company under varemerket Plexiglas.[1] Det har sidan vorte selt under mange ulike namn, mellom dei Acrylite, Lucite og Perspex.

PMMA er eit rimeleg alternativ til polykarbonat når ekstrem styrke ikkje er påkravd. I tillegg inneheld ikkje PMMA det potensielle skadelege stoffet bisfenol-A som finne sin i polykarbonat. PMMA er ofte bedre på grunn av dei moderate eigenskapane, i tillegg til at det er enkelt å handsama og prosessera. Ikkje-modifisert PMMA oppfører seg sprøtt og kan knusast under belastning, spesielt ved kollisjonskraft, og er meir sensitivt for ripar enn konvensjonelt uorganisk glas. Modifisert PMMA kan oppnå høg ripe- og kollisjonsmotstand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rohm and Haas Innovation – Plexiglas Triumphs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • () Kategori:Polymethylmethacrylate – bilete, video eller lydar på