Polymer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polymerar er bygd opp av einingar som til dømes denne i PVDF.

Ein polymer er eit molekyl som er bygd opp av ein serie mindre einingar, monomerar. Polymeren kan vera bygd opp av berre ein type monomerar, eller av fleire. Biopolymerar er ofte bygd opp av mange ulike monomerar.

Polymerar kan vera lange, rette molekylkjeder eller dei kan vera forgreina.

Dei fleste polymerar er organiske sambindingar. Bindingane mellom monomerane går ofte mellom karbonatom. Silikon er uorganiske polymerar. Molekylkjeda i desse er bygd opp av vekselvis silisium og oksygen. Organiske grupper er bundne til silisiumatoma.

Viss molekylet berre inneheld nokre få monomerar er det ein oligomer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1920-åra voks polymerkjemi fram som fagfelt.

Syntese[endre | endre wikiteksten]

Polymerar vert danna i stegvise reaksjonar der monomerar vert bunde saman steg for steg. Det vanlegaste er at dette skjer i ein addisjonsreaksjon eller ein kondensasjonsreaksjon.

I ein addisjonsreaksjon vert heile monomeren ein del av polymeren. Dette kan skje ved at ein dobbeltbinding i monomeren vert broten og at det i staden vert danna enkeltbindingar mellom ulike monomermolekyl.

I ein kondensasjonsreaksjon dannar nokre av atoma i monomeren eit, oftast lite, molekyl medan resten av monomeren vert ein del av polymeren.

Eksempel på bruk[endre | endre wikiteksten]

Polymerar har mange bruksområde. Nokre vert nytta til å laga plast, andre til fiber. Nokre polymerløysningar vert nytta av oljeindustrien for å auka utvinninga.

Polymerar i løysning[endre | endre wikiteksten]

Ein del polymerar er vassløyselege. Dette kan til dømes vera polyelektrolyttar.

Polymermolekyl i løysning kan få ulik struktur i løysning avhengig av kor sterke kreftene mellom polymermolekylet og løysemiddelet er i forhold til kreftene mellom ulike delar av molekylet og kreftene mellom ulike molkyl i løysemiddelet.

Fleksible polymerar dannar ofte ein laus koil, men det er og mogleg å få ein stavliknande eller ein tettare, kuleliknande struktur.

Døme på polymerar[endre | endre wikiteksten]

Syntetiske polymerar[endre | endre wikiteksten]

Naturlege polymerar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Polymer