Aksillehòl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det mediale aksillehòlet er markert med TS (triangular space), det laterale aksillehòlet med QS (quadangular space). TI (triangular interval) står for distale aksillehòlet.
Den høgre skuldra, sett dorsalt.

Eit aksillehòl (latin, spatium axillare) er eit av dei tre hòla i kvar overekstremitet som er danna av dei anatomiske romma mellom musklane m. teres major, m. teres minor, m. triceps brachii og overarmsbeinet. Gjennom dei ulike aksillehòla går mellom anna nevrovaskulatur.

Mediale aksillehòl[endre | endre wikiteksten]

Det mediale aksillehòlet, spatium axillare mediale, er eit trekanta rom som er avgrensa av caput longum m. tricipitis brachii lateralt, m. teres major inferiort og m. teres minor saman med margo inferior scapulae superiort.[1]

Gjennom hòlet går a. og v. circumflexa scapulae.

Laterale aksillehòl[endre | endre wikiteksten]

Det laterale aksillehòlet, spatium axillare laterale, er eit firkanta rom som ligg lateralt for det mediale. Det er tenkt danna av caput longum m. tricipitis brachii medialt, collum chirurgicumoverarmsbeinet er den laterale begrensinga m. teres major og m. latissimus dorsi inferiort og m. teres minor superiort. Ein anatomisk studie har likevel vist at det er heller leddkapselen til skulderleddet som skaper den superiore avgrensinga i staden for m. teres minor.[2]

Gjennom det laterale aksillehòlet går n. axillaris og a. og v. circumflexa humeri posterior.

Distale aksillehòl[endre | endre wikiteksten]

Det distale aksillehòlet, på engelsk kalla triangular interval, er eit rom som ligg distalt på overekstremiteten for det laterale aksillehòlet. Han er avgrensa av m. teres major superiort og caput longum m. tricipitis brachii medialt. Lateralt hevdar nokon at overarmsbeinet er begrensinga, [3][4], medan andre meiner caput laterale m. triceps brachii er den laterale kanten. Nokon meiner begge desse utgjer begrensinga. [5]

Gjennom det distale aksillehòlet går n. radialis og a. profunda brachii til det bakre rommet i armen, compartimentum brachii posterius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. PubMed.gov: Ndoye, JM et al: Ei oppdatering på det laterale og mediale aksillehòlet i dorsalveggen på fossa axillaris, Dakar médical, 2002, vitja 27.12.2012 (engelsk/fransk)
  2. PubMed.gov: Ndoye, JM et al: Ei oppdatering på det laterale og mediale aksillehòlet i dorsalveggen på fossa axillaris, Dakar médical, 2002, vitja 27.12.2012 (engelsk/fransk)
  3. Adam Mitchell; Drake, Richard; Gray, Henry David; Wayne Vogl: Gray's anatomy for students, Elsevier/Churchill Livingstone, 2006, s. 650 (engelsk)
  4. Uams.edu, vitja 27.12.2012 (engelsk)
  5. AnatomyUniverse.com, vitja 27.12.2012 (engelsk)