Skulderledd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den laterale vinkelen med skulderleddligamenta.

Skulderleddet, (på latin articulatio glenoidale eller articulatio humeri), på norsk òg kalla glenohumeralleddet er eit ekte ledd i skuldra som bind skulderbladet til overarmsbeinet.

Det beina leddet[endre | endre wikiteksten]

Den laterale vinkel på skulderbladet, angulus lateralis scapulae, er den tjukkaste delen av knokkelen og blir somtid kalla skulderbladshovudet. Ei pæreforma grop på skulderbladet kalla leddskåla eller leddpanna, cavitas glenoidalis, er det som artikulerer mot hovudet til overarmsbeinet, caput humeri. Over og under leddskåla finn ein to beinknutar (tuberculi), tuberculum infraglenoidale og tuberculum supraglenoidale. M. biceps brachii festar i den øvre beinknuten.

To distale knokkelframspring på skulderbladet stabiliserer skulderleddet, nemleg skulderhøgda, acromion, som avsluttar skulderkammen, og ramnenebbet, processus coracoideus. Rett medialt for ramnenebbet finn ein utskjeringa incisura scapulae, kvar n. suprascapularis går gjennom. Kring skulderleddet så kler slimposane (bursae) leddet for å minske friksjonen til bindevevet rundt. Desse sliposane er kalla bursae subacromialis, subcoracoideus, musculi subscapularis et subdeltoidea.

Leddkapselen[endre | endre wikiteksten]

Skulderleddet er omkrinsa av ein sterk leddkapsel som er laus inferiort. Det gjer at han utan så altfor mykje kraft kan bli dislokert nedover. Det lange hovudet til m. biceps brachii går inn under leddkapselen gjennom ei seneskjede før det bind seg fast i tuberculum supraglenoidale på skulderbladet]].

Muskulatur kring leddet[endre | endre wikiteksten]

For å stabilisere leddet enda betre ligg fire skuldermusklar kring leddet, kalla skuldermansjetten (rotator cuff). Desse musklane er m. teres minor, m. infraspinatus, m. supraspinatus og m. subscapularis.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gray's Anatomy - Skulderblad (engelsk), vitja 18.12.2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]