Aktor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aktor er ein person med juridisk embetseksamen som representerer påtalemakta i ei straffesak. Aktor skal føre prov for at sakgjevne er skuldig og den skuldige skal ha ein viss straff. Det er endå ein føresetnad at aktor skal vere nøytral, og han må óg føre evt. prov som er til gunst for sakgjevne.