Høgsterett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høgsterett er nemninga på den høgste rettsinstansen i ein del politiske einingar, som til dømes statar, delstatar eller land. Døme på land med Høgsterett er USA og Noreg.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Eksistensen av og avgjerdsmakta til høgsterett er heimla i Grunnlova § 88 som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans.»

Prosessreglar og samansetjing er gjevne i Grl. kap. D, og elles i domstollova og straffeprosesslova.

Høgsterett har etter konstitusjonell sedvanerett rett til å prøve om lovvedtak strir mot den norske grunnlova. Denne sedvaneretten er dels inspirert av tilsvarande prøvingsrett i USA.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.