Akustisk refleksjon, absorpsjon og transmisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skrått innfall av lydbølge mot vegg.

Akustisk refleksjon, absorpsjon og transmisjon: Når ei lydbølgje treffer ei flate, som til dømes ein vegg, vert noko av energien i lydbølgja absorbert i veggen. Ikkje all energien vert absorbert, noko av energien går gjennom veggen og ut i rommet på andre sida og noko vert reflektert attende inn i rommet. Energien som vert absorbert i veggen går over til termisk energi.

Den brøkdelen R av lydtrykket som vert reflektert frå flata vert kalla trykkrefleksjonsfaktoren, eller ofte berre refleksjonsfaktoren. Denne faktoren er kompleks og varierer difor med frekvensen. Han avheng òg av innfallsvinkelen \theta.

Den brøkdelen \alpha av energien som går inn i veggen vert kalla absorbosjonsfaktoren[1] og er relatert til trykkrefleksjonsfaktoren som

\alpha = 1 - |R|^2.

Både den delen av energien som vert absorbert i veggen og den delen som fortset ut på andre sida er inkludert i \alpha. Absorbosjonsfaktoren \alpha er ein reell skalar, men han er frekvensavhengig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vigran, T.E., Bygningsakustikk - et grunnlag, Tapir, 2002.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]