Albumin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Albumin er det vanlegaste proteinet i blodet. Den viktigaste oppgåva til albumin er å halda oppe det kolloidosmotiske trykket, det vil seia at blodet skal innehalda nok protein til å halda væske på plass i blodbanen og ikkje lata ho diffundera ut i omgjevande kroppsvev. Måling av albumin er ein biokjemisk analyse som fortel oss om næringsstoda til kroppen. Ved mangel på næring og for lite albumin i blodet, lek væske ut or blodbanen og over i tarmane og andre organ i magen, t.d. levra. Dette er årsaka til at born under hunger har oppsvulma magar. Ein annan viktig funksjon til albumin er å binda til seg og transportera ulike emne i blodet, t.d. næringsstoff og medikament.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]