Alentejo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alentejo i Portugal.
Typisk landskap på landsbygda i Alentejo

Alentejo er ein region sør i sentrale delar av Portugal. Namnet kjem av Além-Tejo, som betyr «bortanfor Tejo» eller «på andre sida av Tejo». Regionen grensar til elva Tejo i nord og til Algarve i sør. Han er delt inn i fem underregionar, Alto Alentejo, Baixo Alentejo, Alentejo Central, Alentejo Litoral og Lezíria do Tejo. Dei største byane er Évora (regionshovudstad), Santarém (som tidlegare høyrte til Ribatejo), Portalegre, Beja og Sines. Han hadde 776 585 innbyggjarar i 2001 og eit areal på 31 152 km².

Han er ein av sju regionar i Portugal.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.