Portugal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República Portuguesa

(norsk: Portugal, portugisisk)

Det portugisiske flagget Det portugisiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «A Portuguesa»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Portugal
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Lisboa
Styresett
Republikk
Aníbal Cavaco Silva
Pedro Passos Coelho
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
92 090 km² (110.)
0,5 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
10 781 459 (77.)
117,1 /km² (66.)
Sjølvstende
1139
Nasjonaldag 10. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
247 000 mill. USD (48.)
23 000 USD (43.)
Valuta Euro
Tidssone UTC -1/0
Telefonkode +351
Toppnivådomene .pt


Portugal er eit land på Den iberiske halvøya sørvest i Europa. Portugal grensar til Spania og har kyst mot Atlanterhavet. Øyane Madeira og Asorane høyrer òg til Portugal. Landet har ei fortid som kolonimakt og herska mellom anna over Brasil og Mosambik, men har òg sjølv opplevd ytre påverkingar frå ulike folkeslag, som keltarar, fønikarar, romarar, visigotarar og maurarar.

Kart over Portugal
Trykk for større utgåve.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Portugisisk geografi.

Portugal har ei utstrekking på rundt 92 000 km².[1] Elva Tejo deler landet i to. Nord for elva er det mest skogdekka høgland, medan landskapet sør for elva er lågt og bølgande. Klimaet nord i Portugal er fuktig og mildt på grunn av Atlanterhavet. Sør i landet er det varmare, tørrare, og med milde vintrar.

Det vestlegaste punktet i Europa, Kapp Rocha, ligg i Portugal.

Dei største portugisiske byane er Lisboa, Porto, Coimbra, Braga, Faro, Portimão, Évora, Leiria, Beja, Vizeu, Guarda, Guimarães og Bragança. Folk bur hovudsakleg langs kysten.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Portugal utgjer den vestlege delen av Den iberiske halvøya, og møter ofte lågtrykk frå Atlanterhavet om vinteren. Det meste av nedbøren fell i Portugal og ikkje mykje går vidare til Spania i aust. Fjellområda i den nordlege halvdelen av Portugal forsterkar denne effekten. Enkelte av dei nordlege vêrstasjonane får like mykje nedbør om vinteren som veskysten av Irland og Skottland, med snø i høgda. Lågtrykka streifer vanlegvis berre innom dei sørlegare områda, som Faro og Beja, og her regnar det gjerne berre eit par gonger i veka om vinteren. Vintertemperaturane langs kysten er om lag som langs kysten av Spania, men i fjella er det vesentleg kaldare.

Sommarane har som regel fint vêr, medan Atlanterhavet av og til fører med seg litt fukt over land. Temperaturane når vanlegvis 24-30 °C på ettermiddagen langs kysten, medan det er litt lågare temperaturar i fjellområda. I den søraustlege delen av Portugal kan det derimot bli svært varmt, og Riodades målte ein gong 50 °C. Dei nordlege områda kan få ei og anna regnbyge om sommaren, medan det stort sett er tørt lenger sør. Temperaturane er òg behagelege om våren og hausten, og nedbøren held seg på eit minimum frå mai til november. Lisboa har ein normal årsnedbør på 708 mm, og berre 17 mm av dette kjem i perioden juni-august. Porto, som ligg lenger nord på kysten, får derimot 1150 mm i året, medan Faro berre får 521 mm (7 mm frå juni til august).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har budd folk på den iberiske halvøya i over 30 000 år, og romerske og greske kjelder (som Herodot, Strabon, Avenius og Hecataeus av Miletus) kalla desse for iberarar. 210 f.Kr. kom romarane til området, og fekk etter kvart området under kontroll. Då romarriket fall på 400-500-talet, under folkevandringastida, kom fleire germanske folkeslag inn i landet. På 700-talet tok maurarane kontroll over store delar av halvøya.[1] Kristne grupper erobra dei nordlege delane av Portugal på midten av 800-talet, men tok dei sørlege delane fyrst i siste halvdelen av 1300-talet. Frå maurarperioden er der fleire arabiske ord, til dømes arroz (‘ris’) og namn (til dømes Fatima og Algarve).

Portugal vart etablert som kongerike av Alfonso I i 1139, og framstod som ei sterk og uavhengig politisk eining fram til midten av 1500-talet.[1] I 1580 kom det ein spansk invasjon leidd av Filip II, og Portugal vart då styrt av den spanske kongen gjennom ein personalunion. Frå 1640 vart så Portugal igjen eit sjølvstendig monarki.

Den spanske invasjonen sette ein stopp for oppdagingsperioden i portugisisk historie. 1400- og 1500-talet hadde nemleg vore prega av internasjonal sjøfart med store oppdagingar og med etablering av handelsstasjonar og koloniar. Portugal hadde etablert koloniar mellom anna i Brasil, Angola og Mosambik.[1] Den nedangstida Portugal, til liks med Spania, opplevde relativt sett i høve til dei nordlege delane av Europa, vart forsterka av den reføydaliseringa som skjedde på 1500- og 1600-talet.

På 1800-talet var der i Portugal politisk strid mellom reformviljuge og konservative grupper. Repubikanarane stod sterkt, og ein republikk vart etablert i 1910, to år etter at kongen og kronprinsen hadde vorte myrda. Men det var mykje politisk uro, og mellom 1910 og 1926 hadde landet 45 ulike regjeringar. I 1926 skjedde det eit militærkupp.[1] Ein av dei som deltok då var António Salazar, fyrst som finansminister, og frå 1932 og 36 år framover som regjeringssjef. Salazar etaberte eit diktatur der han brukte familien som metafor for samfunnsstyringa: Han sjølv var «faren», medan den katolske kyrkja var «mora». Diktaturet vart styrta i nellikrevolusjonen i 1974 og demokratiske reformer tok til. I 1975 fekk til dømes kvinner røysterett.

I 1986 gjekk Portugal inn i EU.[1] Landet har nytt godt av ulike støtteordningar frå EU, og hatt ein ikkje uvesentleg økonomisk vekst dei siste tiåra.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Portugal eksporterer mellom anna tekstil, som klede og fottøy, elektriske produkt, vin og fiskeprodukt. Det er verdas største eksportør av kork. Gruvedrift er ein viktig industri og produserer mellom anna svovelkis, kaolin, sink og wolfram. Turisme er i stadig aukande grad ein viktig næringsveg.

Portugisisk økonomi blei hardt råka av finanskrisa frå 2007, og landet måtte be om eit kriselån frå EU i 2011. Etter denne tida har den utviklinga i Portgual fortsett i negativ retning.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Portugal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Portugal» (27.02.2013) i Store norske leksikon
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!