Alfheim stadion
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfheim stadion er eit fotballstadion i Tromsø og heimebana til fotballaget Tromsø IL. Arenaen ligg på sjølve Tromsøya.
Fotballbana måler 110 x 70 meter, og var rekna som den største grasbana i Noreg. Det var òg innsydd kunstgras i sjølve grasmatta for å forsterke underlaget. I midten av 2006 blei det lagt kunstgras på heile Alfheim stadion.
På austsida av stadionet er det oppført eit nytt forretningsbygg som blant anna inneheld klubbhus, møterom og kurs- og konferanselokale. Publikumsrekorden er 10 225 frå ein kamp mot Rosenborg i 1990. Det er vurdert å bygge ut kortsidene på Alfheim, ettersom dei for augneblinken ligg under standardet i tilhøve til resten av anlegget.